Assistenttrenaren til Sogndal har stor tru på at ei perfekt ramme rundt kampen mot Molde laurdag kveld vil gje den ekstra kveiken som skal til for å klare å tukte seriemeistrane frå 2011.
Trur på fullt hus
– Det er utruleg viktig med ei god ramme rundt kampen, dette vert jo ein skikkeleg flomlyskamp med mykje folk i god stemning. Eg trur det blir fullt eller iallefall bortimot fullt hus på Fosshaugane laurdag, seier Flo til NRK.
- LES OGSÅ: |
Timane før kampen skal markerast med stortilskipinga "Gjestfrie dagar", der handelsstanden og fotballgruppa inntek sentrumsparken. Levande musikk, grilling og presentasjon av laga kan publikum få med seg. Dette er viktig, meiner Flo.
Etter arrangementet i parken, vil fanklubbane Saftkokaradn og Tornekrattet leie ani folketoget opp til stadion.
Bygda støttar opp
– Det syner berre at heile bygda støttar opp om laget, og at vi dermed får eit flott arrangement rundt kampen, i tillegg til at vi nærast kan love ein spanande fotballkamp, seier Flo.
Han innrømmer at det er litt spesielt å få Even Hovland tilbake på Fosshaugane. Vaimingen drog til Molde etter sist sesong, etter fleire svært gode sesongar i Sogndaldrakta.
– Eg trur nok at våre spissar vil få ei utfordring i møte med Even, men den utfordringa gler vi oss til. Spelarar som Elvis og Eirik Bakke er no full trening att etter skadeproblema, og ellers er laget klar for toppmøtet med Molde, lovar Flo.
- LES OGSÅ: |
God start
Sogndal har som kjend att ein usedvanleg god start på årets sesong i eliteserien. Laget har enda tilgode å tape ein einaste kamp, og imponerte stort med 2-0-sigeren over Vålerenga på Ullevaal sist fredag.
– Vi har lukkast godt med det vi har gjort hittil, og sjølv om vi har stor respekt for regjerande seriemeister Molde, skal dei ikkje kome hit og ta sigeren på forskot, meiner Håvard Flo.