Hopp til innhold

Gler seg til dronninga kjem på besøk

Dronning Sonja skal vere til stades under opninga av gondolbana Hoven Loen 20. mai neste år.

Hoven Loen/Dronning Sonja

FÅR KONGELEG BESØK: 20. mai neste år opnar restauranten på fjellet Hoven i Loen. Då kjem dronning Sonja på besøk.

Foto: Illustrasjon: Aaland Arkitektkontor/Vegard Wivestad Grøtt, NTB scanpix

– At dronninga vil besøke oss er svært gledeleg, seier direktør Rikard Grov.

Etter planen skal den spektakulære restauranten på toppen av fjellet Hoven stå klar til opning 20. mai neste år. Grov vedgår at det legg eit ekstra press på dei at dronninga har varsla at ho kjem til opninga.

– Det er klart. Alle er veldig motiverte, og no har vi alle eit klart definert mål å jobbe mot, seier Grov.

Turistmagnet

Hotelldirektør ved Alexandra

GLER SEG TIL DRONNINGBESØK: Rikard Grov er direktør for Hoven Loen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Tidlegare har direktør i Fjord Norge AS, Kristian Jørgensen, kalla Hoven Loen eit framtidig turistikon , og det lenge før gondolbana i det heile tatt har opna. Han trur turistane vil bli særs begeistra for synet som møter dei.

Grov lovar at gjestene som kjem, skal få ei spesiell oppleving.

– I løpet av seks minutt skal banen ta gjestene opp 1000 høgdemeter til restauranten på toppen, og det vert nok ei spesiell oppleving, seier Grov.

Arbeidet i rute

– Restauranten er no kopla saman med fjellstasjonsbygget. No står det berre att nokre mindre arbeid før bygga er tette utvendig, seier Grov.

I løpet av januar er planen å starte med innreiinga av sjølve restaurantbygget.

– Restaurantbygget består av mange deler. Vi skal ha vrimleareal, utsiktspunkt både innvendig og utvendig. Det skal vere terrassar utvendig på ulike nivå. Vi skal ha komplett kjøken og restaurant på fleire nivå, så det er eit rimeleg omfattande bygg som no reiser seg på 1001 meter over havet, seier Grov.

Kongeleg opning

Grov er i full gang med å tilsette dei som skal jobbe i restauranten. Kva som skal stå på menyen når dronninga kjem til opninga 20. mai neste år, er ikkje klart ut over at det må stå i stil til den spesielle plasseringa til restauranten.

– Det er litt tidleg å seie kva som kjem til å stå på menyen, men vi får ta utgangspunkt i at vi er på ein spesiell plass med fantastisk utsikt over fjella, seier Grov.