Hopp til innhold

Før eitt einaste spadetak er tatt blir dei nedringt

Men førebels kan ikkje restauranten bestillast, for restauranten opnar ikkje før i 2017.

Gondolbane til Hoven i Loen.

VIL SITTE HER: Restauranten på Hoven har allereie hatt pågang frå det meste av det som blir husa i ein restaurant.

Foto: Illustrasjon: Aaland Arkitektkontor

– Vi kunne tatt imot masse bestillingar. Vi har hatt pågang frå alle typar arrangement. Det vere seg bryllaup, konfirmasjon, turoperatørar som vil samlast her og mange vil arrangere kickoff for bedriftene sine, fortel styreleiar Rickard Grov.

I Loen er det planlagt ei gondolbane opp til fjellet Hoven som ligg 1011 meter over havet. I desember 2015 var alle formalitetar på plass og styreleiaren som også eig Hotel Alexandra kunne glede seg over at planane om bane og restaurant endeleg kan realiserast. Planen er å vere i drift frå mai 2017.

Opning i 2017

– Det er klart at det er kjekt at det er så stor interesse for prosjektet. Det gir auka motivasjon til å fortsette, humrar hotelldirektøren som også har merka skepsis til dei luftige planane.

No skal han til utlandet for å hente kreativitet til innreiinga og driftsforma på restauranten som lenge før den har sett ein spade, merkar pågang av folk som vil oppleve den.

– Målet er å starte bygginga av restauranten i september eller oktober i 2016 og få den tett. I løpet av vinteren vil ein då kunne innreie restauranten slik at den kan stå klar til mai 2017.

Fjellet Hoven i Loen

HER: Fjellet Hoven skal verkeleg bli sett på kartet når ein restaurant opnar på toppen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Bookingsystem snart på plass

Grov må til områda rundt Alpane for å finne liknande restaurantar dei har planer om.

– Vi må finne ei driftsform og eit bedriftskonsept som passar her og som passar til den mengda folk vi trur vil komme. Og vi må finne fleksible løysingar for folk som kjem her.

Sjølv om interessa og pågangen til å leige restauranten har vore stor så er ikkje ei einaste bestilling stadfesta som den skal – av naturlege årsaker.

– Bookingsystemet er ikkje klart enno heller, ler Grov. Vi håpar å få det på plass til våren. Kanskje rundt påske. I alle fall ikkje lenge etter påske vil vi kunne ta i mot bestillingar, seier Grov.