I følgje forslaget aukar løyvingane til Sogn og Fjordane Teater med over ein halv million. Løyvingane aukar frå 10,2 til 10,8 millionar kroner.
Ved teateret er dei nøgde, og teatersjef Mette Brantzeg seier at det betyr ein heil del for Sogn og Fjordane Teater. Ikkje minst vil det ha mykje å seie for folkedansscena, seier ho. Ho meiner dessutan at det betyr ei auke i status.