Hopp til innhold

Glade for at stormen «Irene» avtar

Bergensarane Hilde Barsnes og Camilla Grimsby har teke imot nordmenn og søkt dekning i sjømannskyrkja i helga.

I dekning i sjømannskyrkja

Nattmat i kyrkjerommet. Sju personar, i tillegg til staben på tre, søkte tilflukt i sjømannskyrkja på Manhattan.

Foto: Sjømannskyrkja

– Me har sove litt i natt og det er roleg stemning her, seier sjømannsprest Hilde Barsnes i New York søndag.

Sjømannskyrkja i New York ligg like utanfor evakueringssona, nokon kvartal frå East River.

Orkanen «Irene» avtar no i styrke og er nedgradert til tropisk storm.

Les òg: Obama: – Konsekvensene av stormen vil merkes i lang tid framover

Les òg: Flere døde da «Irene» traff land

(Artikkelen held fram under biletet)

Staben i sjømannskyrkja

Staben i sjømannskyrkja: Marit Areklett, sjømannsprest Hilde Barsnes og Camilla Grimsby.

Foto: Sjømannskyrkja

Sov i kyrkjerommet

Då det kom varsel om orkan laurdag kveld, lokal tid, flytta alle i staben i sjømannskyrkja ned i kyrkjerommet i sjømannskyrkja i New York. I tillegg søkte sju nordmenn, både turistar og studentar, dekning i kyrkja.

Dei har lagt madrassar på golvet, og når NRK snakkar med sjømannskyrkja søndag ettermiddag, norsk tid, er dei framleis samla der.

– Me er samla her og held oss vekke frå vindauga. Det lek ein god del vatn inn frå taket, så det drypp i bøttene me har sett ut, seier Barsnes.

Kjellaren i kyrkja er framleis tørr og bygningen har både straum og vatn.

– Heldigvis! Det er mange som har mista det, fortel sjømannspresten søndag ettermiddag norsk tid.

Lekkasje i kyrkja

Den enorme nedbøren fører til lekkasjar inn i kyrkjerommet. Staben har sett ut bøtter som samlar opp vatnet.

Foto: Sjømannskyrkja

Mange har vore innom

Sjømannskyrkja har avlyst alle arrangement i helga, men held opent for dei som treng ein sted å vere. I tillegg til dei sju som har søkt dekning, har omlag 40 turistar vore innom kyrkja, men overnatta ikkje.

Kyrkja har òg chatta med folk som har vore åleine via facebook.

Stormen avtar

Det har vore kraftig regn sidan laurdag, medan det auka i intensitet søndag føremiddag, lokal tid.

Orkanen er i ferd med å avta noko i styrke. Irene er nedgradert frå ein kategori 1-orkan til ein tropisk storm, men fører likevel til store øydeleggingar og oversvømmingar.