Hopp til innhold

Dette kartet er over 200 år gamalt

Nedstøva i dronning Margrethe sitt private bibliotek i København, gjorde Jan Adriansen eit funn utanom det vanlege.

Eldgamalt kart

GODKJENDE: Dronning Margrethe av Danmark måtte sjølv godkjenne at ein kopi av kartet kan stillast ut under Lærdalsmarknaden i helga.

Foto: Privat

Vandreprosjektet Kongevegen over Filefjell har gjort for vane å kome over sensasjonelle funn i sitt arbeid med å dokumentere Kongevegen.

I det private dronningarkivet fann Jan Adriansen, som er arkeolog i Statens vegvesen og prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell, eit svært detaljrikt vegkart frå 1793.

Jan Adriansen, Prosjektleiar Kongevegen over Filefjell

PROSJEKTLEIAR: Jan Adriansen er leiar prosjektet Kongevegen over Filefjell.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Karta viser korleis situasjonen verkeleg var. Ein ser faktisk kvar dei viktigaste vegane gjekk i Sogn og Fjordane og Hordaland, seier han.

Ikkje det første

Det starta for to år sidan då handteikna kart frå 1819 dukka opp medan dei leitte etter illustrasjonar til kulturminneskilta som blir sett opp langs Kongevegen mellom Oslo og Bergen.

Funnet vart rekna som kanskje eitt av dei største kartskattane som er funnen i Norge dei siste åra. I vinter kom dei over fortsetjinga til desse karta, handteikna i 1825 . Funnet vart rekna som utenkjeleg.

Framleis på søk etter historisk materiale for å finne ut meir om arbeidet med og livet langs Kongevegen, har dei no gjort nye sensasjonelle funn hos Statsarkivet.

– I eitt av breva, som generalvegmeister Christopher Blix Hammer skreiv 12. september 1800, bad han om å få refundert 200 riksdalar for to kart som dei hadde bestilt. Dette var to kart som vi ikkje kjende til, fortel Adriansen.

Kart frå 1793 over vegane på Vestlandet

SENSASJONELT: Dette over 200 år gamle kartet viser kvar vegane gjekk på Vestlandet.

Foto: Privat

Dronningarkivet

Det vidare søket leia dei til den danske dronninga sitt private bibliotek i København. Her fann dei eitt detaljert vegkart for Sogn og Fjordane og Hordaland. Dronning Margrethe har personleg gjeve løyve til at kartet denne helga kan bli vist fram på Lærdalsmarknaden.

– Karta var i god stand, men det var litt støv som måtte børstast av, humrar Adriansen og er tydeleg stolt og i ekstase over funnet.

– Kongevegen var den første ein kunne køyre med hest og kjerre mellom Aust- og Vestlandet. Det var stort sett ridevegar før det. Kartet viser også kva hovudvegar som var planlagde, legg han til.

Ikkje slik ein trudde

Adriansen fortel at kartet viser skilnader på vegar slik dei var, og slik ein har trudd at dei har vore. Til dømes er hovudvegen teikna inn over Seltåsen, der den gamle postvegen gjekk.

Kart frå 1793

ULIKT: Kartet viser andre trasear gjennom Lærdal enn det som har vore kjent, og trudd opp gjennom åra.

Foto: Privat

Vegen var også teikna inn gjennom Galdane.

– Endå meir spennande er at vegen gjennom Vindhella, som vart bygt i 1793, ikkje er teikna inn. Her går vegen rundt Sverrestien. Dette betyr at vegen ikkje var bygt slik vi kjenner den i dag. Hovudferselsåra gjekk rundt, og ikkje over, Vindhella, seier han.

– Kvifor er dette kartet så viktig?

– Før trudde vi det var slik og slik. No har vi bevis for kvar vegane faktisk gjekk på Vestlandet. Det var eit viktig kart for dei som styrte i ein periode der det var store vegutbetringar.