Hopp til innhold

AP-topp gjer heilomvending i E39-striden - vil ha i pose og sekk

Ap-topp Ingrid Heggø vil no ha bru mellom Anda-Lote, før ei bru i Stryn.

heggø

HEILOMVENDING: Debatten om kor E39 skal gå i Nordfjord har fått ei dramatisk vending.

Foto: Montasje

– Då vil vi få ein vinn vinn situasjon, der vi vil få bru som ein er mest opptekne av i Eid og Gloppen, og samstundes får ein tunnelen under Utvikfjellet. Vi får på plass Olden-Innvik, og vi får bru, seier Ap sin førskekandidat til Stortinget, Ingrid Heggø.

Den intense debatten om kor E39 skal gå i Nordfjord har fått ei ny og uventa vending. Stortingskandidat frå Ap no ha bru Anda-Lote og ny veg mellom Byrkjelo – Eid.

Samstundes vil ho ha tunnel under Utvikfjellet og ei bru i indre som del av stamvegen E39, men brua i indre fyrst på sikt.

Vil ha to bruer

Striden om E39 har virka fastlåst i lang tid. Ulike utspel har kome frå Arbeiderpartiet og Senterpartiet i ein freistnad på å løyse opp, og no kjem Ingrid Heggø med eit nytt.

No vil Ap ha opprusting til stamvegstandard mellom Eid og Byrkjelo, og bru Lote-Anda. Brua midt i fjorden skal byggjast før ei bru i indre. I tillegg vil Heggø ha tunnel under Utvikfjellet og opprusting av vegen rundt fjorden i Stryn.

Heggø går på den andre sida sterkt i mot opprusting av Stigedalen, og meiner ein står seg på å bruke mest mogleg vegmidlar i Sogn og Fjordane.

– Vi vil ha ei løysing der ein får utløyst eit nytt bu- og arbeidsområde i indre Nordfjord, og der ein får ei bru i midtre Nordfjord som er det høgste og største ynskje der, fortel Heggø.

– Betyr det to bruer?

– Ja, det vil det bli på sikt. Vi har jo fått veldig grei beskjed frå Eid Arbeiderparti om at brua skal kome fyrst i midtre. Det er det aller, aller viktigaste for dei, seier Heggø.

– Vil det seie bru over Lote-Anda fyrst, og så bru i Indre etter kvart med andre ord?

– No skal eg jo ikkje legge meg heilt opp i prioriteringa, i og med at det er Vegvesenet som skal bygge. Men det vil jo vere rart om ikkje dei utbetrar vegen fyrst rundt, og så byggjer bru. Dessutan er det to forskjellige prosjekt sidan du kan bruke ferjeavløysingsmidlar Anda-Lote. Det kan ein ikkje lenger inne i fjorden, fortel stortingskandidaten.

Splitting

E39 – saka har ført til djup splitting i Nordfjord. Etter årevis med krangel har ikkje regjeringa klart å få til ei avgjerd. Det gjeld også ei rekkje andre brukryssingar på E39 frå Stavanger og nordover. Seinast måndag sa Samferdsledepartementet at avklaringar må kome i år for å ikkje trenere ferjefri E39 på Vestlandet.

Utspelet til Heggø er oppsiktsvekkjande fordi Sogn og Fjordane Ap har vedteke E39 i indre trasé med bru i Stryn. Men Ingrid Heggø insisterer på at det er mogleg med to bruer fordi ein unngår å bruke pengar på Stigedalen og vidare mot Volda, noko som er kostnadsrekna til mellom 2 og 4 milliardar kroner.

– Det å bruke Kvivsvegen som kostar 1,5 milliardar som alt ligg der, gir stor samfunnsnytte. I sum så brukar ein ikkje meir midlar enn om ein skulle bygge veg via Stigedalen, hevdar Heggø.

– Samstundes treng ein jo då ny Lotetunnel, om ein skal halde løftet om stamvegstandard. Er det realistisk?

– Det sit jo framleis trailerar fast der, vi må ha ein vegstandard som næringslivet kan leve med. Så utbetring av den må jo kome uansett meiner eg, seier Heggø.

To bruer framfor Stigedalen

Tidlegare har også Sp lagt fram eit kompromissframlegg der ein går for midtre trasé med ny veg gjennom Stigedalen til Volda. Reisetida Sandane-Volda vil då vere kring 40 minutt, og 17 minuttar mellom Sandane og Nordfjordeid.

I tillegg ville partiet løyve 400 millionar kroner til fylkesveg 60 Olden-Innvik på statsbudsjettet i haust, og at staten skulle overta heile vegstrekket Stryn-Byrkjelo med Utvikfjellet.

Heggø meiner likevel det er skilnad på kompromissframlegga, sidan ho vil ha to bruer framfor Stigedalen.

– Vi må klare å få flest mogleg bu og arbeidsområde, og få dei til å virke slik at folk har lyst til å busetje seg der, seier Heggø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Ryssdal

Overraska: For Senterpartiordførar Anders Ryssdal er dei ei gledeleg overrasking at Heggø vil ha bru over Lote-Anda.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Overraskande

I Gloppen er Senterpartiordførar Anders Ryssdal gledeleg overraska over at Heggø vil ha bru over Lote-Anda før ei bru i Indre.

Eg meiner det er positivt at ein vil bygge bru over Anda-Lote, det er i tråd med det Fylkestinget har vedteke, og det Senterpartiet står for. Vi meiner det er klart at E39 skal gå via Gloppen og Eid.

– Samstundes vil Heggø ha to bruer, kor realistisk er det?

– Eg vil stille spørsmålsteikn om det er behov for ei bru i indre. Det viktigaste er jo at fylkesveg 60 blir god for alle typar køyretøy. Ei bru er kanskje ikkje det viktigaste for nærområdet i Stryn, seier Rysddal.

Spent på resultatet

Heggø seier ho har spelt inn meiningane sine til forhandlarane i regjeringa, no er ho spent på resultatet.

– Og så får vi berre håpe at dei vil høyre på oss, og gi oss mest mogleg tilbake, seier Heggø.