Hopp til innhold

Gir seg som leiar i Sogndal

Gunnar Solbakken går ikkje på eit tredje år som styreleiar i Sogndal Fotball.

Gunnar Solbakken

TIDSPRESS: Gunnar Solbakken har gjeve valkomiteen i Sogndal Fotball beskjed om at han ikkje ynskjer eit nytt år som styreleiar.

Foto: Arve Uglum / NRK

Solbakken seier til Sogndal Fotball sine nettsider at han ynskjer å disponere tida litt annleis framover. I det sivile er han lufthamnsjef på Sogndal Luftham Haukåsen.

Tor Arne Ness frå Kaupanger er innstilt som ny styreleiar til årsmøtet 2. mars.

- Arbeidspresset i ei slik rolle er stort. Fotballen er viktig både for meg, bygda og fylket. I kraft av å vere styremedlem også i neste periode, kjem eg sjølvsagt til å følgje klubben tett framover også, seier han.

Høgdepunkta

Solbakken har vore styremedlem i klubben sidan han kom inn som ansvarleg for aldersfastlagd fotball i 2004.

- Høgdepunktet er sjølvsagt opprykket til Tippeligaen. Det er noko vi har jobba mot i seks år. Vi har også jobba for å få realisert den siste delen av tribuna, og der kan vi starte byggjearbeidet no. Så har vi god kontroll på økonomien, fortel Solbakken til NRK om høgdepunkta.

- Ærefullt å bli spurt

Solbakken gav allereie i fjor haust beskjed om at han ynskte takke nei til eit nytt år som styreleiar. Han takkar styret og leiinga i klubben for samarbeidet og meiner det blir vist ein fantastisk dugnadskultur i klubben.

- Det er ærefullt å bli spurt. Dette er både utfordrande og utviklande, seier Tor Arne Ness, som er innstilt som etterfølgjaren til Solbakken.

Budd på tidspress

Årsmøtet 2. mars avgjer endeleg om Ness blir ny styreleiar. Som Solbakken har 34-åringen frå Kaupanger familie og full jobb ved sidan av.

Han er budd på tidspress.

- Tidsaspektet vart nøye diskutert, men så lenge eg fekk med familien så valde eg å gå for det. Det blir kjempespennande. Sogndal har gjort kjempejobb over mange år, seier han.

Fekk førstevalet

Leiar i valkomiteen i Sogndal, Gisle Solheim, seier Ness var førstevalet som ny styreleiar. Han viser til at Ness har brei erfaring frå organisasjonslivet, mellom anna som dagleg leiar i Toyota Sogn.

- Tor Arne har vore i fotballmiljøet i nokre år, så han har god kjennskap til organisasjonen. Då han takka ja, så vel vi å innstille han, seier Solheim.

- Vi meiner det er greit med ein styreleiar med lokal forankring i Sogndal. Det er der det føregår på fotballsida. Så vi har ikkje diskutert namn utanfrå kommunen, legg han til.