Gaza-uro gjev medlemseksplosjon

Organisasjonar på kvar side i Israel-Palestina- konflikten opplever ein stor auke i talet på medlemer.

Gaza
Foto: MOHAMMED SALEM / REUTERS

Palestinakomiteen i Bergen har auka medlemstalet med ti prosent berre den siste veka.

Magne Hagesæter

DEMONSTRERER: Leiar for Palestinakomiteen i Bergen, Magne Hagesæter, fortel at fleire lokallag i Palestinakomiteen i det siste har demonstrert mot uroa i Gaza.

Foto: Torill Stavenes / NRK

- Det er mange som vert frustrerte over det dei ser. Folk ynskjer å markera solidaritet med palestinarane, seier leiar for Palestinakomiteen i Bergen, Magne Hagesæter.

Organisasjonen Med Israel for fred i dag har 314 medlemer. Det er ein auke på 30 prosent sidan i sommar. På landsbasis har organisasjonen fått 200 fleire medlemer i høve i sommar.

Leiaren for Palestinakomiteen meiner den breie mediedekninga gjer at fleire er opplyste om det som føregår i Gaza. No jobbar organisasjonen på spreng for å ta imot dei nye medlemene.

- Me rekk ikkje å senda medlemspakkar til alle, fortel Hagesæter.

Krig opprører

- Når det har vore roleg i Israel og Palestina, har me opplevd ein nedgang i talet på medlemer. Men i urolege tider som no melder fleire seg inn, fortel leiaren i Med Israel for Fred i Bergen, Morten Rasmussen.

Morten Rasmussen

VIL HA FRED: Morten Rasmussen trur folk engasjererer seg fordi dei ynskjer fred.

Foto: Torill Stavenes / NRK

Alle typar menneske melder seg inn i organisasjonane.

- Mange unge vel å bli medlemer hjå oss, men også andre. seier Hagesæter til nrkhordaland.no.

Årsaka, trur han, er at folk opplever det som urettvist at eit av dei mest tettbygde strøka i verda vert teppebomba. Leiaren for Med Isreal for fred trur fleire melder seg inn i deira organisasjon fordi dei ynskjer fred og rettferd.

LES MEIR OM UROA I GAZA HER: - Svært spent stemning | - Slå til mot Tel Aviv | - Vi trekker oss ikke ut | Nordmenn er ute av Gaza