Hopp til innhold

- Svært spent stemning

Stine Renate Håheim frå Nord-Aurdal opplever uroa i Midtausten på nært hald.

Stine Renate Håheim
Foto: NRK

I dag har seks nordmenn vorte evakuert frå Gaza-stripen, og situasjonen i området er uoversiktleg og spent.

AUF-politikar Stine Renate Håheim er på julebesøk hjå palestinske vener på Vestbreidda, og opplever situasjonen på nært hald.

- Det er klart stemninga er oppgjeven og spent, og mange føler at det heile er håplaust.

Måtte lyve venninne gjennom grensepost

Håheim bur eigentleg i aust-Jerusalem under sitt besøk i området, men er akkurat nå i Betlehem. Ho fortel at dei får svært lite informasjon om det som skjer, men at dei likevel føler seg relativt trygge.

- Vi vart litt uroa da vi høyrte at det var opptøyer også i Jerusalem, men vi kjenner folk som veit korleis ein skal oppføre seg under slike situasjonar.

Håheim har flest palestinske vener i området, og fortel at dei har det svært tøft.

- I dag måtte vi lyve på ein såkalla checkpoint, for å få vår palestinske venninne gjennom. Vi lata som vi var kristne turistar og at ho var guiden vår, og da kom ho gjennom.

- Ynskjer tydelegare haldning

AUF-politikaren legg ikkje skjul på at ho kunne ynskje seg tydelegare signal frå den norske regjeringen om krigshandlingane i Gaza.

- Likevel er folk her i området mest misnøgde med EU og USA si haldning, så akkurat nå er det greit å ikkje vere ein EU-borgar.

Håheim og hennar følgje skal etterkvart vidare til Jordan, Syria og Libanon. Ho understrekar at det ikkje er aktuelt for dei å ta seg inn i Gaza.

- Slik det er nå så er det for farleg, og vi har heller ikkje noko å bidra med slik situasjonen er nå, seier Stine Renate Håheim.