Hopp til innhold

Gaular og Selje ikkje lenger på ROBEK-lista.

Etter å ha hatt så dårleg styring på økonomien at dei vart sett under statleg administrasjon, er dei to kommunane no endeleg ute av ROBEK-lista.

Selje

PÅ SJØLVSTYR IGJEN: Etter to år med statleg styring, kan Selje endeleg styre seg sjølv att.

Foto: Thomas Hagen

– Det er veldig gledeleg, for det betyr at vi kan begynne å investere i skule og kommunale anlegg igjen, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

Selje kommune har vore under statleg styring dei siste to åra, og ordføraren fortel at det ikkje har vore noko kjekt.

– Vi har merka det så til dei grader. Handlingsrommet vårt har vore veldig lite, og vi har ikkje alltid hatt høve til å gjere det vi har meint har vore fornuftig.

Korleis klarte de i utgangspunktet å hamne i dette uføret?

– Eg trur det handla litt om at vi ikkje tok inn over oss dei økonomiske utfordringane som var der. Det vart ikkje gjort naudsynte grep for å tilpasse drifta til den økonomiske stoda.

Les også: I 2009 jubla dei for å vere ute, men Selje er nok ein gong på ROBEK-lista

Stein Robert Osdal

NØGD: Selje-ordførar Stein Robert Osdal frå KrF jublar over at Selje no er ute av ROBEK-lista.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Har spinka og spart

Å hamne på ROBEK-lista tyder at du som kommune har hatt så dårleg kontroll med økonomien, at du må ha godkjenning frå kommunaldepartementet kvar gong du til dømes tek opp lån.

Også Gaular kommune har kome seg ut av uføret etter to år på ROBEK-lista.

– Vi har spinka og spart, og ikkje brukt pengar dersom det ikkje har vore naudsynt, fortel ordførar Mathias Råheim (H) om korleis dei har klart å kome seg på beina att.

Også i sunnfjordkommunen har dei merka klampen om foten dei siste åra.

– Det vart til dømes ein tyngre prosess enn vanleg då vi skulle søke om lån til å utvide barnehagen i Bygstad. Det er godt å vere fri igjen, for ROBEK er ikkje noko kjekk stad å vere, seier Råheim.

Mathias Råheim

HAR KOME PÅ RETT KJØL: Gaular-ordførar Mathias Råheim (H) fortel at kommunen hans har jobba hardt for å kome på rett kjøl med økonomien sin.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skal aldri tilbake

Også Osdal i Selje er klar på at han ikkje vil tilrå ein tur innom ROBEK-lista.

– Vi skal aldri tilbake dit, det er eg klar på. No har vi fått ein vekkar, og vi tenkjer på ein annan måte når det gjeld økonomiske spørsmål i kommunen.