Hopp til innhold

I 2009 jubla dei over å vere ute av Robek-lista - no er dei på full fart inn att...

Nok ein gong ender Selje kommune på Robek-lista. Denne gongen fordi planen for inndekning av underskotet frå 2012 ikkje vart følgd opp.

Selje i Sogn og Fjordane

NY RUNDE: Selje må nok ein gong inn på Robek-lista.

Foto: Stig Silden

Kommunen må difor bruke meir enn to år til å dekkje underskota frå 2012 og 2013.

– Det har vore kjent ganske lenge at vi kom til å hamne på Robek-lista, seier rådmann i Selje, Reidar Sandviknes.

Robek er eit register over kommunar og fylkeskomunar som må ha godgjenning frå kommunal- og moderniseringsdepartementet, for å kunne fatte gyldige vedtak om låneopptak eller langsiktige leigeavtalar.

Brukte meir enn dei skulle

Kommunen hadde eit meirforbruk i 2012 på 4,3 millionar kroner, som etter planen skulle dekkast inn med ein halv million kroner i 2013 og 3,8 millionar kroner i 2014.

Sidan kommunen også fekk eit meirforbruk i 2013 på 6,2 millionar kroner, vart ikkje planen for inndekning følgd opp.

Kommunen har etter dette eit akkumulert meirforbruk på 10,6 millionar kroner.

I handsaminga av rekneskapen for 2013 har kommunestyret vedteke å dekke meirforbruket for 2012 innan 2016, og meirforbruket i 2013 innan 2017.

Dette medfører at kommunen blir registrert i Robek-registeret, og at fylkesmannen skal føre kontroll og godkjenne budsjett, økonomiplan og låneopptak i kommunen.

Jubla i 2009

Selje kommune har vore på Robek-lista også tidlegare, og jubelen var stor i 2009 då Selje endeleg var ute av lista. Sandviknes innrømmer at det ikkje er noko god kjensle å no vere tilbake på lista.

– Det er kjedeleg å vere på Robek-lista. Men det endrar ikkje så mykje på den daglege drifta i kommunen, seier Sandviknes.

Han innrømmer likevel at den økonomiske stoda i kommunen ikkje er som den burde vere.

– Selje kommune har slite økonomisk i mange år, og det kan vere ulike årsaker til det, seier Sandviknes.

Han understrekar at kommunen har hatt fokus på innsparingar i lengre tid.

– Vi har hatt gåande prosessar i heile 2013 og 2014, og det å kutte utgifter har vore i fokus heile tida. Det er lagt ned skular og gjort forskjellige grep. Men meir må sikkert gjerast, seier Sandviknes.

Må yte lovpålagde tenester

At kommunen er i ein vanskeleg situasjon, er det vanskeleg å komme vekk ifrå.

– Ja, det er klart. Men vi må yte dei tenestene som er lovpålagde. Det må vi gjere uansett, om økonomien er god eller dårleg, seier Sandviknes.

Han legg til at kommunen vil gjere det dei kan for å komme seg ut av lista att.

– Det er vi innstilte på. Vi må få betre økonomi, og det å komme ut av Robek, så har vi nettopp det, seier Sandviknes.

Men det er fleire utfordringar som må forserast før kommunen er der han ønskjer å vere.

– Vi må kutte utgifter, og det kan vere vanskeleg når ein har ei langstrakt kommune og mange brukarar på forskjellige plassar, samt at ein har basisutgiftene som i ein stor kommune. Inntektene er ikkje store nok heller, og kombinasjonen av dette gjer det problematisk, seier Sandviknes.