Hopp til innhold

Går mot norsk vinterdekk-krise i haust

Både for privatbilistar og yrkessjåførar kan det bli mangel på vinterdekk. I «ytste konsekvens» må du la bilen stå til vinteren, seier Trygg Trafikk.

Hallgeir Grov og dekk

Dekkprodusentane jobbar no med å flytte produksjonen frå Russland til andre land. Dekka Hallgeir Grov ser på er frå Finland.

Foto: Kasper Valestrand/NRK

I 2021 importerte vi over 1.6 millionar bildekk frå Russland, det meste av det vinterdekk.

Men etter krigen i Ukraina starta er det stopp på all import av dekk frå Russland.

Og som NRK skreiv om april, spådde bransjen både høgare priser og dekkmangel inn mot den kommande vintersesongen.

– Vi har hatt betydeleg fleire kundar enn tidlegare som har vore innom for å handle eller forhøyre seg pris, seier Hallgeir Grov i dekkforhandlaren Førde Vulk.

Sjølv om det blir laga vinterdekk i fleire land, har fleire av dei største dekkprodusentane hatt fabrikkar i Russland.

Trafikkulykke E39

Ulykker på glatta skjer også når ein har vinterdekk og kjetting på.

Foto: John J. Storholt / John J. Storholt

Utfordringar for kunden

Førde Vulk er blant dei forhandlarane som er heldige med lagringskapasiteten for dekk.

Det gjer at dei kan bestille inn dekk mykje tidlegare enn det andre forhandlarar kan.

Men også hos dei vil det vere kundar som ikkje får dei dekka dei vil ha.

– Ut over hausten og inn mot dekkskiftesesongen vil leveranseproblema bli meir merkbare for kunden, seier Per Kristian Neste i Dekkimportørerens Forening.

Kor store desse problema blir er det vanskeleg å seie noko om før ein får talfesta kor stor mangelen på dekk er.

– I ytste konsekvens må ein la bilen stå

Det er ikkje lange tida før det blir frost og glatt på dei første vegane her i landet.

Knut Olav Røssland Nestås i Trygg Trafikk Vestland peiker på at det finst ein del bilistar der ut som kvar vinter tar sjansen på å køyre bilen utan vinterdekk.

– Og det er derfor vi allereie no ber folk sjekke om dei må byte ut dekka dei bruker på vinteren, seier Røssland Nestås.

Med glatt føre og dårlege eller ingen vinterdekk bør ein bilen stå stille.

– Så ja, i ytste konsekvens må ein la bilen stå om ein ikkje har dekk, seier leiaren for Trygg Trafikk Vestland.

NRK forklarer

Hvorfor lages det vinterdekk i Russland?

Hvorfor lages det vinterdekk i Russland?

Forskjellige typer vinterdekk

Det lages vinterdekk i mange land, for eksempel i Tyskland. Men land med harde vintre - som Canada, deler av USA og Kina, Russland, Japan og de skandinaviske landene - trenger andre dekk. 

Det handler blant annet om hvor godt gummiblandinga i dekkene tåler kulde. 

Hvorfor lages det vinterdekk i Russland?

Høye tollmurer

Denne typen vinterdekk er altså en liten del av hele vinterdekkmarkedet. Russland er et av de største markedet i verden for de mer hardføre dekkene, og det største for piggdekk. Samtidig har de høye tollmurer. Det gjør det dyrt å importere dekk dit.

Hvorfor lages det vinterdekk i Russland?

Høye tollmurer

Derfor har nesten alle de store dekkprodusentene fabrikker der - Nokian, Contintental, Pirelli, Michelin for å nevne noen.

Der lager de dekk til det russiske markedet - og for eksport til for eksempel nabolandene i Norden.

Hvorfor lages det vinterdekk i Russland?

Flytter ut av landet

For de fleste av selskapene har produksjonen i Russland vært liten, en brøkdel av totalen.

Et unntak er Nokian. De har produsert alle personbildekkene sine - både sommer- og vinterdekk - i Russland.

De ligger an til å vedta på årsmøtet sitt i slutten av april å flytte produksjonen ut av landet. De aller fleste dekkfirmaene gjør nå det samme.

Hvorfor lages det vinterdekk i Russland?

Premium-dekk

Dekkene som produseres i Russland er i stor grad premium-dekk, som er toppmodellene. Det finnes også vinterdekk i medium- og budsjettklasse. Det er premium-dekkene det kan bli mangel på.

Det produseres også vinterdekk som kan fungere for nordiske forhold i Asia, blant annet fordi det brukes en del i Kina.

Tollreglar stoppar import

For Neste i Dekkimportørerens Forening er svaret på korleis ein skal løyse utfordringa med dekkimporten klar.

Rundt om i Europa har fleire dekkprodusentar lager kor det ligg ei mengde dekk som kunne ha vore på den norske marknaden.

Dekka er produserte i Russland, men importert ut av landet før krigen i Ukraina starta.

Dei er tilgjengelege for andre land, men ikkje i Noreg på grunn av tollreglar.

– Så no diskuterer vi med Utanriksdepartementet om vi kan finne ei løysing på dette, seier Neste.