Autorisasjonen som fysioterapeut vart inndregen tidlegare denne månaden. Mannen som har jobba som terapeut i Sogn og Fjordane, skal ifølgje Helsetilsynet ikkje vere eigna til å utøve yrket sitt forsvarleg.
Av alvorleg karakter
Underdirektør i Helsetilsynet, Jostein Vist, kan grunna teieplikta si ikkje seie noko om kva som ligg til grunn for suspensjonen, men vedgår at saka er av alvorleg karakter. Inndraginga av autorisasjonen gjeld fram til utfallet er klart. Kva som vidare skjer med fysioterapeuten vert avgjort når Helsetilsynet har behandla saka ferdig.