Fylket seier ja til scenekunsthus

Alle eigarane er innstilte på å realisera scenekunsthuset i Sentralbadet. Det betyr at fylkeskommunen også vil vera med i eit spleiselag med staten og Bergen kommune. – Eg er veldig letta. I løpet av mars skal fylket og kommune ha på plass ein framdriftsplan, seier styreleiar Laila Dåvøy etter dagens ekstraordinære generalforsamling. Finansieringsløysinga skal avklarast politisk i fylkesting og bystyre i juni.

 Laila Dåvøy etter at Carte Blanche får ja
Foto: Øyvor Bakke / NRK