Hopp til innhold

Fylkesvara­ordførar frå MDG fekk skremmande maske i posten

Fylkesvaraordførar Natalia Golis (MDG) i Vestland fekk ei maske i posten som ho oppfattar som ein trussel. No har ho meld saka til politiet.

Maske

FEKK MASKE I POSTEN: Denne maska fekk fylkesvaraordførar Natalia Golis i posten for kring ein månad sidan.

Foto: PRIVAT

Ho meiner at maska er sendt for å verke trugande eller skape uvisse.

– Det var eigentleg ei ganske ubehageleg oppleving både for meg og familien min, seier Natalia Golis.

For fire veker sidan fekk ho ein pakke i posten. Då Golis opna pakken fann ho ei plastmaske.

Maska er ei såkalla Salvador Dali-maske som sjåarar av Netflix-serien «Papirhuset» vil kjenne att. Ei maske som no blir brukt av aktivistar over heile verda.

Den er til forveksling lik maskene som hackergruppa Anonymous er kjende for og som kan sporast tilbake til 1600-talet.

– Eg vart veldig overraska og også litt bekymra for korleis barna mine vil reagere. Eg vart også litt irritert fordi dette er mi privatadresse og mitt privatliv, fortel ho.

Golis kontakta politiet og har meldt saka.

– Eg hadde eit behov for å handtere det riktig med ein gong. Når ein har eit folkevalt verv opplever eg det som ein trugsel mot meg sjølv og det å vere politikar.

MDG Landsmøte 2019

GJEKK TIL POLITIET: Fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Tok opp hendinga i fylkestinget

Då fylkestinget var samla onsdag tok fylkesordførar Jon Askeland (Sp) og fleire andre fylkespolitikarar opp hendinga Golis opplevde for å vise støtte.

– Til den som nyleg sende ein anonym trussel til Natalia Golis: Slutt med dette, slik skal vi ikkje ha det, sa Askeland i fylkestinget.

Trugslar høyrer ikkje eit levande folkestyre til, sa Alexander Øren Heen (Sp).

– Eg er glad fylkesordførar tek eit oppgjer med trugslar og hets. Det høyrer ingen stad heime at folkevalde skal som gjer ein innsats for folk, land og fylke skal ta imot trugslar for jobben ein gjer, sa Heen i møtet.

Casa De Papel-maske

COLOMBIA: Mann med same maske fotografert i samband med demonstrasjonar mot president Ivan Duque i Bogota i mai i år.

Foto: Vanessa Jimenez / AFP

Har gått inn på familien

Golis seier støtta frå politikarkollegaene i fylkestinget betyr veldig mykje.

– Eg er glad for at fylkesordføraren tek dette alvorleg, og at vi i fellesskap har sagt at vi skal vere tydelege og passe på våre folkevalde når dei tek imot hets på nett eller som i dette tilfellet – i posten på heimeadressa mi, seier Golis.

Ho vedgår at episoden har gått inn på henne og familien.

– Eg har tre barn som skal vere i trygge omgjevnader. Det er ikkje så vanskeleg å finne ut kor eg bur. Men viss nokon kan finne ein pakke i posten, kan ein også dukke opp på døra.

NRK får stadfesta at politiet har fått meldinga frå Golis, men ingen i Vest politidistrikt har hatt høve til å kommentere saka så langt i dag.