Hopp til innhold

Fylkespolitikarane vil kalle storfylket for Vestlandet

GULEN (NRK): I dag var fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla for første gong. Noko av det første dei vart samde om, er kva det nye storfylket skal heite.

Felles fylkesting for Sogn og Fjordane og Hordaland i Gulen

VAR SAMLA: Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane har i dag vore samla til felles møte i Gulen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg trur vi gjer ein feil om vi kallar det nye fylket for Vestlandet, sa SV sin representant frå Hordaland, Aud Karin Oen, frå talarstolen.

Både SV og MDG var kritiske til namnet under debatten mellom dei to fylkestinga i dag. Dei måtte likevel sjå seg slått av resten av partia.

Aud Karin Oen

VILLE HA UTSETJING: Aud Karin Oen og SV ville ha ei utsetjing av namnesaka, og var i allefall mot namnet «Vestlandet».

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Gymsalen på den vesle Dalsøyra skule var smekkfull av politikarar og tilhøyrar då dei to fylka vart samla i dag. I tillegg til dei to fylkestinga, var også alle tidlegare fylkesordførarar og fylkesrådmenn inviterte.

– Ei gravferd for Sogn og Fjordane som eige fylke, slik skildra fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane Aleksander Øren Heen (Sp) den sermonielle samlinga.

Stein Malkenes på fylkestinget i Gulen

KRITISK: Stein Malkenes og MDG vil ikkje ha namnet «Vestlandet».

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Dei fleste partia var einige

Spørsmålet om kva det nye fylket skal heite er eitt av dei emna som har skapt mest debatt ute blant folk. Blant politikarane såg ikkje engasjementet ut til å vere like stort. Berre nokre få av representantane sa noko om namn under debatten. Dei fleste nøydde seg med å seie at dei støtta namnet Vestlandet, utan noko vidare utgreiing.

Frank Willy Djuvik (Frp) frå Sogn og Fjordane var ein dei få som drøfta namnevalet litt meir.

– Folk har mykje sterkare tilknytning til ordet Vestlandet, enn dei har til dei andre forslaga som har kome fram. Når vi er i utlandet eller i Oslo, er vi alltid vestlendingar først, sa Djuvik frå talarstolen.

Frank Willy Djuvik

LIKAR VESTLANDET: Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet var ein av få som brukte tid på å argumentere for det namneforslaget som vann fram blant politikarane.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Folk har hatt sterke meiningar

Fjordfylket, Bjørgvin og Firdafylke er nokre av dei forslaga som har kome inn frå NRK sine lyttarar dei siste dagane. Frå politikarane var det berre eitt parti som kom med eit alternativ. Det var MDG som foreslo namnet Fjordane.

Då ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal (Sp), helsa møtet, kom han med sitt eige forslag i namnedebatten.

– Når de no skal samlast ved Gulatinget, burde jo namnet Gulatinget fylkeskommune vere sjølvsagt, sa Oppedal.

Vestlandet vann likevel med eit overveldande fleirtal.

Det er Stortinget som bestemmer

Det er Stortinget som endeleg skal bestemme kva det nye fylket skal heite. Forslaget til fylkestinga vil vege tungt, men også Språkrådet skal kome med si meining. Dei har allereie signalisert at dei ikkje likar namnet Vestlandet.

– Vestlandet er eit godt namn, men ikkje om berre to av dei fire fylka er med. No vil meir enn halvparten av alle vestlendingar bu utanfor dette fylket, sa Daniel Ims i Språkrådet tidlegare denne veka.

Les også: Ikkje alle er fornøgde med Vestlandet.