Hopp til innhold

Fylkespolitikar heldt på å bli teken av steinras

Steinar rasa ned i vegbana då Frp-politikar Frank Willy Djuvik kom køyrande på fylkesveg 614 i Sunnfjord.

rAS

STEINAR: Frank Willy Djuvik rakk å ta eit bilete av steinane han heldt på å køyre i, før han forlet området.

Foto: Frank Willy Djuvik

– Eg kom køyrande nordover, og til mi store forskrekking så kom det to store steinar dettande rett framfor bilen, seier Frank Willy Djuvik.

Han er fylkestingsrepresentant for Framstegspartiet i Vestland fylkesting, og ein profilert politikar i Florø og Sogn og Fjordane.

Då NRK prata med Djuvik rundt klokka 18.30 torsdag kveld er lyden frå naudblinken i bilen tydeleg, og Djuvik forklarer at han har sperra av vegen for å hindre at andre bilistar skal køyre på steinane.

– Aldri opplevd noko slikt før

Politiet er framleis ikkje komen til staden, men Djuvik har kome seg til ein stad der det er telefondekning, og har ringt politiet.

– Steinane kom frå ganske høgt oppe, og rett ned i vegbana. Vi bur jo i eit rasutsett fylke, men eg har aldri opplevd noko slikt før. Kanskje har eg godt av å oppleve det som samferdslepolitikar, men det var ikkje noko kjekt i det heile, seier Djuvik.

Frank Willy Djuvik

IKKJE KJEKT: Frank Willy Djuvik tykte ikkje det var noko kjekt å vere i nærleiken av eit steinras.

Foto: Christian Lura / NRK

Raset har skjedd ikkje så langt frå Svelgen i Bremanger kommune, og Bortnetunnelen er no open.

Laster Twitter-innhold

Ordførar i Kinn kommune Ola Teigen (Ap) nyttar høvet til å argumentere for betre rassikring på fylkesveg 614 i diskusjonen under eit Facebook-innlegg som Djuvik har lagt ut.

– Her må kystvegen på plass, skriv Teigen.