Hopp til innhold

- Merkeleg at fylkesordføraren droppa eit viktig E39-møte

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes droppa å møte opp for å fronte fylkestinget sitt syn under eit viktig møte om framtidas E39-trasé. Dette reagerer ordføraren i Eid på.

E39 alternativa gjennom Nordfjord

E39-alternativa: Dette er forslaga til nye trasé. Vegvesnet går den for rosa linja.

Foto: Statens vegvesen

Kvalitetssikringa av Vegvesenet si tilråding om å flytte vegen er i gang, og for kort tid tilbake ynskte kvalitetsikrarane å møte fylket, kommunar og næringsliv for å få innspel.

Alfred Bjørlo

TYKKJER DET ER RART: Eid-ordførar Alfred Bjørlo meiner fylkesordføraren burde møtt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

At fylkesordføraren ikkje møtte opp er noko som Venstre-ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo, likar dårleg.

– Eg tykkjer det er ganske merkeleg. Denne kvalitetssikringa er ein av dei viktigaste milepælane i arbeidet med ny E39 frå Skei til Møre og Romsdal.

Bjørlo tykkjer det er rart at fylkesordføraren droppa det viktige vegmøtet i Ålesund for kort tid tilbake. Under møtet skulle kvalitetsikrarane av Vegvesenet sin rapport om kor E39 skal gå gjennom Nordfjord ta i mot innspel frå kommunar, fylkeskommune og næringslivet. Men stolen til fylkeskommunen stod tom.

– Då er det ganske påfallande at stolen til Sogn og Fjordane fylkeskommune som skal representere regionen og heilheita, står tom.

– Viktig å vere tilstades

Fleirtalet i Fylkestinget har gått mot tilrådinga om å flytte vegen til Stryn og vil ha traseen via Lote og Anda, og dette var fylkesordføraren sin fyrste sjanse til å fronte eit vedtak som ho i utgangspunktet røysta mot.

Sjølv om fylkeskommunen har gitt eit høyringssvar, meiner Bjørlo at dette ikkje er godt nok.

– At det at det er gitt eit høyringssvar er sjølvsagt viktig, Men dersom ein meiner noko med det, er det viktig at ein er til stades på dei arenaene som no er sentrale framover.

Fekk invitasjonen seint

Åshild Kjelsnes

MØTTE IKKJE: Fylkesordføraren seier at invitasjonen til møtet kom for seint.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Ap seier det var ein grunn til at ho ikkje møtte i Ålesund.

– Fylkeskommunen var gløymd, slik at vi fekk invitasjonen i siste liten. Vi hadde ikkje høve til å kaste oss rundt på kort varsel. Men fylkeskommunen spelar inn dei viktige momenta vi har, uavhengig av dette møtet, seier ho.

Det kan vere duka for ein lang politisk drakamp om framtidig trasé for E39. Arbeidarpartiet sin fylkesleiar Nils P. Støyva har sagt han vil jobbe vidare for å flytte E39 til Stryn.

Bjørlo seier han føreset at fylkesordføraren som også er frå Arbeidarpartiet, på si side vil fylgje opp fylkestingsvedtaket frå januar.

– Eg stolar på at ho som fylkesordførar gjer det ho har sagt, nemleg at ho står opp for eit fleirtal og er lojal mot fleirtalet som gjekk for ein midtre trasé.