Hopp til innhold

Ap-topp ukjend med E39-alternativ

Ap-toppen Hilmar Høl vedgår at han under valkampen ikkje visste at det fanst reelle alternativ for E39 gjennom fylket.

Hilmar Høl

VISSTE IKKJE: Ap-topp Hilmar Høl vedgår at han ikkje kjente til at det fanst alternativ til E39-traseen Anda-Lote.

Foto: Stig Laberg Øvstetun

Mange meiner Arbeidarpartiet no bryt vallovnaden om at E39 bør gå via Gloppen og Eid. Også internt i partiet er det mange som føler på at dei har gått til val på Anda-Lote-alternativet, men at dei no har snudd.

Snuoperasjonen skjer trass i at Vegvesenet informerte om fakta allereie i mars i fjor. Ein av topp-politikarane i Sogn og Fjordane Ap, Hilmar Høl vedgår no at partiet kanskje ikkje burde ha gitt eit slik løfte.

– Ja, det kan eg godt seie. Men samtidig vil eg påpeike at fylkesordføraren klart sa at trasevalet var valt inntil noko anna eventuelt dukka opp. Og dette er ei slik sak, der noko anna har dukka opp, seier han til NRK.no.

Visste ikkje at Stryn var eit reelt alternativ

Debatten om kor E39 skal gå gjennom Nordfjord har splitta både innbyggjarar og politikarar i Sogn og Fjordane. Internt i Ap stridast dei om kor vidt dei har brote eit valløfte eller ikkje, då mange meiner partiet heilt klart lova at E39 også i framtida skulle gå via Stryn. At fleirtalet av fylkestingsrepresentantane i dag vil stemme for Stryn har ført til sterke reaksjonar internt.

No syner det seg at ein av Ap sine viktigaste fylkespolitikarar ikkje var klar over at det fanst eit reelt alternativ til E39 over Anda-Lote. Det trass i at Statens vegvesen alt i mars i fjor la fram tal og fakta for dei ulike E39-alternativa.

Hilmar Høl skal sjølv ha vore med på eit valmøte på Nordfjordeid der han sa at E39 burde gå via Eid og Gloppen. No har han til liks med fleirtalet i partiet skifta meining.

– For min eigen del så trudde eg frå starten av at vi berre hadde ein mogleg parsell, og det var den over Anda-Lote. Eg trudde det var det einaste alternativet, men når det kjem eit nytt alternativ må ein snu om på tankane og finne ut kva ein meiner er best, seier Høl til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

E39 alternativa gjennom Nordfjord

ALTERNATIV: Kartet syner Vegvesenet sine alternativ for kor E39 i framtida kan gå gjennom Nordfjord.

Foto: Statens vegvesen

– Burde ha visst

Dette skjer sjølv om Vegvesenet altså i mars presenterte detaljane i konseptvalutgreiinga som vart endeleg ferdig i haust. Dokumenta fekk mykje omtale i media og inneheld opplysningar om hovudalternativ, kostnad, reisetid og kva trasear Vegvesenet ville jobbe meir med.

Siri Sandvik

OPPSKAKA: Leiar i Eid Ap er opprørt over det som no kjem fram.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Leiar i Eid Ap Siri Sandvik reagerer sterkt på opplysningane frå Høl. Ho viser til at Vegvesenet sjølve har sagt at det ikkje er kome ny informasjon sidan då, bortsett frå dei endelege tilrådingane.

– Viss ein står som kandidat til Fylkestinget, så ventar eg at ein kjenne godt nok til dei sakene som partiet faktisk har flagga standpunkt i, seier ho.

Sandvik meiner E39 er ei sak Sogn og Fjordane Ap heilt klart har meint noko om, både i programmet sitt.

– I tillegg har også toppkandidatane, inkludert Høl, sagt noko om dette i valkampen. Og det er slik at når han er i Fylkestinget så er han det på vegner av Sogn og Fjordane Ap, og ikkje på vegner av seg sjølv, seier Sandvik.

Høl tek sjølvkritikk

Høl vedgår at han kjente til at Vegvesenet jobba med utgreiingar om E39 og vedgår no at han burde gjort heimeleksa.

– Eg skulle nok ha gjort ein betre jobb med å finne ut kva slags traseval som har dukka opp, seier han.