Hopp til innhold

Fleirtal for E39 via Anda-Lote

Det vart fleirtal for midtre linje via Anda-Lote då fylkespolitikarane i dag skulle seie sitt om kor E39 skal gå i framtida. Men vegen vidare er det ikkje heilt samde om.

Fylkesting

OPPTELJING: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes får hjelp av Knut Henning Grepstad under avrøystinga.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Medan 22 gjekk inn for stamveg via Anda-Lote, gjekk 17 inn for alternativet med E39 via Stryn. Vegen vidare frå Lote og nordover har politikarane derimot ikkje gitt noko klart svar på kor skal gå.

Fleirtal til Lote, men ikkje vidare

19 stemde for at vegen skal gå via alternativ K4 og den såkalla S-en via Kvivsvegen. Dermed har ikkje fylkestinget noko fleirtal for kvar vegen skal gå vidare frå Lote.

Før dei kom så langt hadde fem representantar røysta for at E39 skal gå vidare frå Lote via Stigedalen og derifrå over Austefjorden. Desse fem var Norvall Nøringset og Jan Olav Fretland frå SV, Arnstein Menes, Nils Gjerland og Aleksander Øren Heen frå Sp.

Det var venta at desse ville røyste for S-en via Kvivsvegen når deira framlegg fall. Men det var det berre Menes, Fretland og Øren Heen som gjorde, og dermed vart det ikkje fleirtal for dette alternativet heller.

LES OGSÅ:
Fylkestinget skal ta E39-avgjerd

(Artikkelen held fram under biletet).

Anders Ryssdal og Alfred Bjørlo intervjua av Eldgrim Fossheim

NØGDE ORDFØRARAR: Ander Ryssdal, Gloppen, og Alfred Bjørlo, Eid, blir intervjua av Eldgrim Fossheim etter vedtaket.

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK

Ordførar Anders Ryssdal i Gloppen, som og sit på fylkestinget for Senterpartiet, var nøgd med at fleirtalet valde midtre line.

– Med fleirtal for Anda-Lote er vi eit lite steg vidare mot realisering, det vart iallfall eit klart råd om at midtre line er vårt val.

Det same var ordførar i Eid og fylkestingsmedlem for Venstre, Alfred Bjørlo.

– Eg ser det som eit positivt vedtak.

(Artikkelen held fram under biletet).

Ordførar Sven Flo i Stryn intervjua av Terje Gilleshammer

MISNØGD ORDFØRAR: Sven Flo, Stryn, blir intervjua av Terje Gilleshammer.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ordførarkollega Sven Flo (H) i Stryn var naturleg nok ikkje like nøgd.

– Eg er skuffa, for eg meiner det indre alternativet var langt betre. Eg trur mange i fylkestinget røysta for det dei har låst seg til tidlegare mellom ann gjennom valkampen i staden for å ta stilling til nye argument og utgreiingar.

Fylkesleiaren i Arbeidarpartiet, Nils P. Støyva, var og skuffa over utfallet.

– Avrøystinga speglar att debatten, no vart det eit lite fleirtal for midtre line. Eg hadde håpa på fleirtal for indre line, så eg er litt skuffa.

(Artikkelen held fram under biletet).

Nils P. Støyva

SKUFFA AP-LEIAR: Nils P. Støyva.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det var ein grundig og sakleg debatt i fylkestinget, noko som og vart undedrstreka av fleire av talarane. Enkelte av dei var kritiske til ein del av det som har vore skrive i media om vegstriden.

Billegast via Stryn

Vegvesenet sa i haust at alternativet med stamveg via Stryn er det billegaste og beste alternativet. Fylkesrådmannen har også tilrådd Stryn, og i dag var det altså endeleg fylkespolitikarane som skulle få seie sitt.

Debatten har rasa, og internt i fleire parti har det vore usemje om kva alternativ som er det beste. Enkelte representantar klarte ikkje bestemme seg før rett før Fylkestinget samla seg i dag.