Hopp til innhold

Fylkesmannen frårår vindparkar

Fylkesmannen vender tommelen ned for vindmølleparkar i Gulen, Solund og Selje.

Vindmøllene på Kråkenesfjellet.

Illustrasjon

Foto: Bjarne Eldevik

NVE har tre konsesjonssøknadar for vindkraftverk ute på høyring. Ingen av desse blir ein realitet om fylkesmannen hadde fått det siste ordet.

Tilsaman omfattar søknadane 28 vindmøller som samla gjev nær 245 GWh.

Store kunnskapshol

Dei tre søknadane gjeld vindmøllepark i Ytre Sula i Solund, Okla i Selje og Setenesfjellet i Gulen. Det er Norsk Miljø Energi Vest som har søkt om sistnemnde, men Fylkesmannen meiner søknaden er så mangelfull at det ikkje var mogleg med reell vurdering av konsekvensane.

- Tilrådinga til NVE er difor at det ikkje blir gjeve konsesjon no, men at ein først gjennomfører supplerande undersøkingar der kunnskapshola er for store, skriv fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.

Av nasjonal verdi

Vestavind Kraft har den neste søknaden som har fått tommelen ned. Fylkesmannen meiner nemlig at oppføring av ti vindmøller på Okla på Stadlandet gjev for store miljøkonfliktar. Også her blir det poengtert at det manglar kunnskapshol som ikkje minst gjeld verknadar på fugletrekket.

- Landskapet på Stad blir vurdert til å vere av nasjonal verdi, og Fylkesmannen meiner at dei vurderingane som er gjort tidlegare framleis er høgst relevante, sjølv om det nye framlegget er lokalisert lenger aust og er mindre i omfang, skriv Yndesdal.

Fryktar utviding

At utbygginga er redusert i omfang for å avgrense naturinngrepa er heller ingen garanti for at vindkraftverket vil bli utvida ved seinare høve.

- Tvert imot er sjansen for utbygging truleg langt høgare i eit område der infrastruktur allereie er på plass, skriv fylkesmiljøvernsjefen.

Noko av den same problematikken ligg også til grunn for Fylkesmannen si tilråding om å ikkje gje Vesta-Vind A/S konsesjon for eit lite vindkraftanlegg med tre møller på Ytre Sula i Solund kommune.

Ynskjer ikkje vindmøller i Solund

- Vi meiner at ein ikkje kan sjå på dette prosjektet isolert, men må vurdere det ut frå eit heilskapleg perspektiv på kvar ein ønskjer vindkraftutbygging lokalisert. Ytre Sula peiker seg ikkje utan vidare positivt ut i så måte, skriv Yndesdal.

Fylkesmannen viser generelt til det pågåande arbeidet med fylkesdelplan for vindkraft i Sogn og Fjordane, og rår til at NVE ikkje gir konsesjonar til vindkraftanlegg før denne planen er ferdig.