Hopp til innhold

Fylkesleiaren forsvarar Djuvik

Frp-fylkesleiar Lars Svein Drabløs går til kraftig forsvar av partifelle Frank Willy Djuvik.

Lars Svein Drabløs og Frank Willy Djuvik

STØTTAR DJUVIK: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Frp, Lars-Svein Drabløs, tek til motmæle mot kritikken frå politikarane i fylket etter at Djuvik tordna mot distriktsopprøret i sin tale til landsmøtet.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Eg hadde forventa reaksjonar. Men eg håper vi no kan få ein konstruktiv debatt om kvar vegen skal gå vidare for Sogn og Fjordane, ikkje berre ein kritikk av Frank Willy. Vi har aldri vore stempla som politisk korrekte. No vil vi sjå framover som eit fylke der det skjer ting, seier Drabløs til NRK.

Djuvik har skapt rabalder etter at han i sin landsmøtetale i helga kalla Sogn og Fjordane for eit sutrete sosialklientfylke. Djuvik har også møtt motbør etter at han slo fast at bompengeprosjektet Førdepakken ikkje blir noko av.

Drabløs seier han gav Djuvik i oppdrag å ta til motmæle mot det han oppfattar som svartmåling frå mange i fylket av regjeringa sin politikk.

– Djuvik kjempar for å få gjennomslag for Sogn og Fjordane Frp sin politikk, og det vi har gått til val på. Heile fylkespartiet har vore med å vedta den politikken vi fremjar, det er ikkje noko Djuvik finn på sjølv, seier han.