Hopp til innhold

Fylkeslegen ser på dødsulykka

Fylkeslegen krev full informasjon og vurderer tilsynssak mot Helse Førde i samband med handteringa av bilulukka Eid i april i år, der to personar frå Sunnmøre omkom.

Trafikkulykke på rv. 15

17. APRIL I ÅR: To ungommar omkom og to vart alvorleg skadde då ein bil køyrde i fjellveggen ved Haus i Eid.

Foto: Øystein Torheim

Ingen legar frå Nordfjord sjukehus rykka ut til ulukkesstaden, og no vil konstituert fylkeslege Linda Svori ha alle kort på bordet.

– Vi ønskjer å få opplysningar i saka om kva som er rett, og om dette er ei så alvorleg hending at vi bør vurdere å gå vidare og sjå om vi skal starte tilsynssak, seier Svori til NRK.

Rykte ikkje ut frå sjukehuset

Det er dei alvorlege skuldingane frå anestesi-overlege Rune Larsen, om at legane ved Nordfjord sjukehus ikkje følgde instruks og ikkje rykte ut til ulukkesstaden, som har fått Fylkeslegen til å ta affære.

Fire ungdommar frå Sunnmøre køyrde i midten av april i år i fjellveggen på riksveg 15 ved Haus i Nordfjord. To av dei omkom og to vart alvorleg skadde.

Kan be om lydlogg

Fylkeslegen vurderer mellom anna å få oversend lyd-loggen frå det aktuelle ulukkestidspunktet.

– Vi vil be om ein uttale og eventuelt har vi også høve til å be om lydloggen frå AMK til den aktuelle hendinga.

Skuldar på AMK

Medan Larsen kritiserer Nordfjord-legane, legg overlege Mads Petterson ved Nordfjord skulda på AMK-sentralen i Førde.

– AMK Førde sa at vi skulle halde oss på sjukehuset. Vi sende då ikkje ut anestesisjukepleiar eller anestesilege til skadestaden, seier Petterson.

Svori ser alvorleg på opplysningane som er komme fram i saka dei siste dagane.

– Helsetilsynet si oppgåve er å sjå at tenestene blir utført forsvarleg og at pasientane får ei god behandling eller oppfølging i dei ulike sakene, seier den konstituerte fylkeslegen.