Hopp til innhold

Fylkeslegen meiner Bergen kommune svikta underernært gut

Statsforvaltaren i Vestland meiner Bergen kommune svikta ein tenåringsgut og søskenet hans, fordi dei ikkje fekk den oppfølginga dei hadde rett på.

Statsforvaltaren starta ein tilsynssak etter at ein tenåringsguten i januar blei innlagt med alvorleg underernæring på Haukeland universitetssjukehus.

No har Statsforvaltaren kome fram til at barna ikkje fekk forsvarleg oppfølging frå helsestasjons- og skulehelsetenesta, og at tenesta ikkje oppfylte den lovpålagde meldeplikta til barnevernet.

Borna fekk heller ikkje forsvarleg tannhelseteneste i oppveksten. I tillegg har barnevernet brote plikta til forsvarleg handtering av saka i tiltaksfasen.

Konsekvensen for barna er at dei ikkje fekk oppfølging som dei hadde rett til, og at behovet for hjelp først vart avdekt når situasjonen vart akutt, skriv Statsforvaltaren på eigne sider.