Hopp til innhold

Fylkeskommunane får 10 millionar meir for tapte inntekter

Regjeringspartia, Venstre og KrF har blitt samde om å gje fylkeskommunane 10 millionar kroner meir i 2016 for inntektstapet dei har opplevd. Totalt løyver fleirtalet på Stortinget no 70 millionar i såkalla tapskompensasjon.

I revidert budsjett for 2015 som vart lagt fram i dag klokka 15 kjem det fram ei ytterlegare styrking av tapskompensasjon til fylkeskommunane. Det reviderte budsjettet er lagt fram av regjeringspartia og samarbeidspartia KrF og Venstre.

Sogn og Fjordane er verst råka av fylkeskommunane, og må spare om lag 230 millionar dei komande åra.

– Vilje til å gå vidare

– Det blir jo ikkje ein veldig stor sum på Sogn og Fjordane, men det er veldig bra på den måten at det er ei stadfesting av at distriktsfylka kjem for dårleg ut. Eg vil jo også lese dette som ein vilje til å gå vidare med ei opptrapping av tapskompensasjon til dei fylka som ikkje har kome godt ut, seier Trude Brosvik i KrF til NRK.

Ho meiner at Venstre og KrF i lengre tid har jobba med å få fram viktigheita av ei styrking av tapskompensasjonen.

– For Sogn og Fjordane er det også viktig at vi har fått inn ein merknad om at fordelinga av tapskompenasjonen fylgjer ein fordelingsnøkkel som kjem fylket vårt til gode, seier Brosvik.

Mest minus for vårt fylke

Totalt 70 millionar kroner ligg no inne i statsbudsjettet til å hjelpe fylkeskommunane som blir råka verst av inntektstapet. Av desse vil Sogn og Fjordane fylkeskommune få om lag 25 millionar. Det vil seie ein vekst på om lag 4 millionar for Sogn og Fjordane sin del.

– Dette blir ikkje mykje, men dette kjem i tillegg til dei 60 millionane som på budsjettet i fjor og som har ein fordelingsnøkkel som gjer at det treff dei fylkeskommunane som vart råka hardast. Og Sogn og Fjordane fekk mest minus, seier Trude Brosvik.

– Sikre likeverdige tenester

Fylkesleiar I Venstre, Gunhild Berge Stang, møter denne veka som vara for Sveinung Rotevatn på Stortinget. Ho var svært nøgd med å kunne gje den gode beskjeden for Sogn og Fjordane fylkeskommune.

– Det er i alle fall eit godt signal at det er ei aukande forståing for behovet for ein tapskompensasjon til dei kommunane som har kome uheldig ut. Dette handlar om å sikre likeverdige tenester, og særleg då omsynet til elevane i vidaregåande skule, seier Berge Stang til NRK.