Hopp til innhold

Fv. 336 opna att – var stengt grunna steinras

Ein stor stein blokkerte vegen ca. 2 kilometer frå Marifjøra i Luster.

Vegras fv 336

RASTE UT I VEGEN: Denne steinen hindra trafikken på fylkesveg 336 ved Marifjøra.

Foto: Marte Bergset

Steinen raste ut på fylkesveg 336, på strekninga mellom Eikum og Marifjøra.

Statens vegvesen fekk melding om at steinen hadde rast ut klokka 14.37, og no har mannskapet klar å få kjempesteinen vekk frå vegen

Heidi Hauge Rasmussen ved vegtrafikksentralen fortalde at dei som drog ut var budd på at det var ein stor stein dei skulle gjerne.

– Og dei har teke omsyn til at det er ein del arbeid som må gjerast, sa Rasmussen.