Hopp til innhold

Fullt på sjukehuset: RS-virus herjar blant småbarn

Stor pågang av barn med RS-virus fører til fulle sjukehusklinikkar og kø på legevakta.

Barn i Bleikerfaret barnehage i Asker.

EG OGSÅ! Barna i Bleikerfaret barnehage i Asker stadfestar at dei har vore sjuke i det siste.

Foto: NRK

RS-viruset har i år kome som julekvelden på kjerringa, og på sjukehusa. Vanlegvis kjem storinnrykket av denne luftvegsinfeksjonen nemleg i desember og januar. Men i år er RS-sesongen allereie i full gang.

Verst er det i Bergen. Barne- og ungdomsklinikken på Haukeland universitetssjukehus har fredag kveld 25 pasientar innlagde med RS-virus.

– Det er rett og slett fullt her. Det ligg fleire barn med same virus på same rom, for at vi skal ha plass til alle. Barna er slitne og nokre treng mat gjennom sonde eller ernæringshjelp på andre måtar.

Det seier overlege John Espen Gjøen.

Verst for dei minste

Det er dei minste barna som blir hardast råka av RS-viruset. For eldre barnehagebarn, ungdom og vaksne viser RS seg berre som ei forkjøling.

Dei aller minste kan bli så sjuke at dei må oppsøke lege. Dei kan få ein infeksjon som set seg i dei tynne luftrøra i lungene og gir pustevanskar.

Men det går stort sett bra med også dei. Gjøen fortel at dei aller fleste klarer seg med litt trykkluft gjennom nasekateter.

– Når dei får det eit par dagar, går det over, seier han.

Overlege barneklinikken John Espen Gjøen ved Haukeland universitetssjukehus

PUSTEHJELP: – Dei aller fleste barna med pustevanskar klarer seg med litt trykkluft gjennom nasekateter, seier overlege John Espen Gjøen.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Auke over heile landet

Andre sjukehus melder om stor pågang. Barne- og ungdomsklinikken på Akershus universitetssykehus har no 14 barn innlagde med luftvegsinfeksjon, inkludert RS. Nokre av dei treng pustestøtte.

Også Drammen sjukehus har 14 innlagde, godt over normalt i oktober.

– Auken har kome 1–2 månadar tidlegare enn vanleg. Så vi er allereie no høgare på kurva enn vi normalt ville vore, seier overlege Thore Henrichsen.

Han forsikrar at dei som treng og får sjukehusbehandling, kjem ut friske.

I går hadde Oslo universitetssykehus 20 barn med RS-virus. Sjukehuset Telemark har sju, og tre andre på veg inn.

Også sjukehusa i Stavanger og Tromsø har auke.

RS-bølge etter korona

Folkehelseinstituttet (FHI) er uroa for om RS og influensa vil krevje for mykje ressursar.

– Vi ser at det har vore veldig lite luftvegsinfeksjonar, altså lite RS-virus og veldig lite influensa førre vinter. Det betyr at det er lite immunitet i befolkninga, og at det kan komme ein hardare sesong for begge dei virusa.

Det seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg.

Allmennlegevaktene i Oslo melder om lange ventetider og fulle venterom hos Allmennlegevakten i Storgata og på Legevakt Aker.

– Mange har vanlege luftvegsinfeksjonar og forkjøling for tida. Derfor blir det lengre ventetid, men vi behandlar alltid dei sjukaste pasientane først, seier overlege Beate Nilsen.

Ho ber folk som hovudregel alltid kontakte fastlegen først.

– Legevakta er der for deg som har akutte plager som ikkje kan vente til fastlegen er tilgjengeleg.

Skadelegevakten opplyser at dette ikke gjelder akutte skader. Pasienter med skader kan henvende seg direkte som vanlig.

Fungerande legevaktsjef i Bergen, Trond Inselseth, fortel om bekymra småbarnsforeldre, men seier ingen blir avvist på sjukehuset sjølv om det er fullt.

– Barn blir ikkje avvist hos barneavdelinga. Om nødvendig vil dei auke kapasiteten utover sengeplassane dei har.

Klinikkdirektør Ansgar Berg ved Haukeland universitetssjukehus

ALLE I ARBEID: Klinikkdirektør Ansgar Berg har kalla inn nytilsette raskare enn planlagt, og kalla tilbake nypensjonerte tilsette på grunn av RS-bølga.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Slitne tilsette

Klinikkdirektør Ansgar Berg ved Haukeland universitetssjukehus er uroa for at tilsette skal slite seg ut.

Tidlegare i veka var fire av 18 innlagde barn der yngre enn éin månad. No er det endå fleire innlagde.

– Vi har ei massetilstrøyming av RS-pasientar. Det gir oss utfordring fordi det ikkje er planlagt og kjem lenge før sesongen vi har forventa.

Berg har denne veka fortalt at det er svært hektisk på klinikken.

Dei har måtta kalle inn nypensjonerte tilsette og nytilsette som eigentleg skulle byrja etter nyttår.

Andre tilsette har sett forskingsprosjekt på vent for å avhjelpe situasjonen.

Han seier auken i RS-virus var forventa, etter perioden med lite fysisk kontakt under koronapandemien.

– Vi har nærmast hatt to år med infeksjonstørke og det betyr mykje for immuniteten i befolkninga. Dei minste barna har også ofte eldre søsken, og opninga av samfunnet fører til at virus blir spreidd fort.

Forkjølt barn

I Bleikerfaret barnehage i Asker rekker mange barn opp handa på spørsmål om dei har vore sjuke i det siste.

– Forkjølt, seier dei.

Det stadfestar leiar Kjetil Halvorsen i Risenga barnehager.

– Eg har jobba over tjue år i barnehage i Asker, og trur ikkje eg har sett så mykje sjukdom over så lang tid som vi har hatt denne hausten. Vikarbyråa har problem med å levere vikarar, fordi alle barnehagane har høgt sjukefråvær.