Politiet måtte stengt Måløybrua for store køyretøy med lite last. I hamna ligg båtar vêrfaste, og kalesjar har blese av småbåtane.
Ved ved Skavøypoll skule i Vågsøy flyg takseinen, juletreet er knekt, og alle ungane får skyss heim - sjå "Kaos i skulegarden".

Uvêr under Måløybrua. Foto Inge Skavøypoll
Ein av dei som har merka stormen på kroppen, er Andreas Kråkenes, som bur på i Vågsøy i Nordfjord.

Vindmålaren på Måløybrua viste vind opp i orkan. Foto Inge Skavøypoll NRK.
Verst i morgontimane
- Uvêret starta i 2-3-tida i natt, men var verst i 4-5-tida, fortel Kråkenes. Han trur det må vere over full storm i vindkasta.
Orkan i kasta
Kråkenes i Vågsøy har den sterkaste vinden langs kysten, med full til sterk storm på det jamne og orkan i kasta. I følgje Meteorologisk Institutt vil vinden vere på sitt sterkaste i dette området fram til klokka 10.00 idag. Men vinden vil halde fram og det vil kome store nedbørsmengdar.

Sterk storm på Måløybrua. Foto Inge Skavøypoll NRK.