Hopp til innhold

Rektor ved Marknadshøgskule meiner Flåmsbanen er sovepille

Dei store inntektene frå Flåmsbanen har gjort reiselivsaktørane i Flåm late. Det meiner rektor ved Markedshøyskolen.

Trond Blindheim

LATE: Rektor ved Norges Marknadshøgskule meiner reiselivsaktørane i Flåm er late, og at NSB fungerer som ei subsidiering for dei andre verksemdene.

Foto: Markedshøyskolen

Medan selskapet Flåm Utvikling har store overskot ved hjelp av inntektene frå Flåmsbanen, taper mellom anna både det lokale hotellet, fjordcruise-selskapet, skofabrikken og pensjonatet pengar.

Rektor ved Markedshøyskolen, Trond Blindheim, meiner mange av dei lokale reiselivsbedriftene må endre strategi.

– Pengane som kjem frå NSB har blitt ei sovepille for alle dei andre tilboda. Det er noko slikt som har skjedd. Ein blir jo lat når ein har nærast ei hjarte- og lungemaskin kopla opp til eiga verksemd, som kjem frå Flåmsbanen, seier Blindheim.

– Skal ikkje subsidiere

Han meiner verksemdene må prøve å lage ein pakke som dei kan tilby turistar og andre besøkjande. Det må, ifølgje Blindheim, vere så attraktivt at kvart enkelt tilbod er bedriftsøkonomisk lønsamt.

– Det er jo det næringsverksemd skal vere. Det skal ikkje vere sånn at ei verksemd subsidierar ei anna, det er jo tullball. Det er altfor mykje slikt innanfor reiselivsnæringa i heile Norge, seier rektoren.

– Har gjort jobben

Ordførar i Aurland, Noralv Distad, meiner på si side at det er viktig for det lokale næringslivet å behalde mesteparten av overskotet frå Flåmsbanen.

– Flåm Utvikling, og dei som har jobba for å marknadsføre denne banen, har gjort ein fantastisk god jobb, og skaffa veldig mykje turistar inn til området. Dermed har det også blitt meir inntekter til banen, og då er det rimeleg at dei inntektene også kjem det selskapet til gode, seier Distad.

Men Blindheim meiner framleis at NSB er ei sovepille.

– Det vil jo vere slik at dersom ein får lett tilgang til pengar, så blir ein lat. Ein treng ikkje studiepoeng i bedriftsøkonomi for å skjønne det.