Hopp til innhold

Forhandlar framleis om Flåmsbana

Ein ny avtale mellom NSB og Flåm Utvikling er framleis ikkje på plass. Den opphavlege avtalen gjekk ut ved nyttår.

Flåm stasjon med turistar

MILLIONBUTIKK: Avtalen gjekk ut ved nyttår, men NSB og Flåm Utvikling er framleis ikkje samde om ein avtale om millionbutikken Flåmsbana.

Foto: Merete H. Høidal / NRK

Det kan bli dramatisk for reiselivet i Flåm dersom avtalen ikkje blir fornya. I fjor reiste over 635 000 turistar med Flåmsbana.

Kommunikasjonsrådgjevar Håkon Myhre i NSB fortel at partane forhandlar på overtid.

– Avtalen som Flåm og NSB har hatt varde fram til 31. desember 2012. Den er no utvida til medio februar 2013. Grunnen til det er at forhandlingane framleis går føre seg, seier Myhre.

Millionbutikk

NSB har dei siste 15 åra drifta Flåmsbana til kostpris, medan Aurland Ressursutvikling har stått for alle utgifter til marknadsføring og har fått alle inntektene.

Under denne avtalen er Flåmsbana blitt millionbutikk , men partane har til no ikkje klart å komme til semje. Myhre vil ikkje seie kva forhold dei er usamde om.

– Det kan eg ikkje gå inn på for det er ein avtalepart på den eine sida og ein avtalepart på den andre sida som diskuterer, seier han.

– God dialog

Ivar Bjarne Underdal i Flåm Utvikling har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

– Kor sto er faren for avtalen skal gå i vasken?

– Du skulle gjerne fått eit prosenttal av meg i forhold til det, men eg kan seie såpass at begge partar er nøgde med prosessen, og begge partar er i god dialog, seier Myhre.