Hopp til innhold

Har kontroll over gras- og lyngbrann i Jølster

Brannmannskap frå Jølster brannvesen har kontroll over ein gras- og lyngbrann i Kjøsnesfjorden i Jølster.

Grasbrann i Kjøsnesfjorden

HEILT SVIDD: Store område er svidde av etter at ein lyng- og grasbrann i Kjøsnesfjorden kom ut av kontroll.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Vi fekk melding om ein lyng- og grasbrann ved Kleivatunnelen i Kjøsnesfjorden ved riksveg 5 som var ute av kontroll. Vi har lite detaljar om hendingsgangen, men vi har folk på staden for å sløkkje, seier operasjonsleiar ved 110-sentralen i Sogn og Fjordane, Frode Korneliussen til NRK.no.

Dei fekk melding om brannen klokka 15.56, og no er fem brannmenn frå Jølster brannvesen på staden og driv sløkking.

– Dei har gode arbeidsforhold då dette er nær vegen. Klokka 16.17 fekk vi melding om at dei hadde kontroll over situasjonen, seier Korneliussen.

Har fått kontroll over brannen

Det skal ikkje vere fare for at brannen kan spreie seg til hus eller andre område.

– Brannmannskapa har kontroll over situasjonen og driv no og kjøler ned staden som har brunne, seier Korneliussen.

Sogn og Fjordane har hatt svært mange gras- og lyngbrannar til no i år. Ein svært tørr vinter og vår har ført til at mange bråtebrannar har komme ut av kontroll og svidd av store område.

Søndag er det venta store mengder nedbør, men Korneliussen åtvarar dei som har planar om å nytte siste sjanse til ein real bråtebrann før regnet kjem.

Syn varsemd med open eld

– Vêr veldig forsiktig med å tenne opp eld i omgjevnader som kan utvikle brann, og det gjeld både grilling og bråtebrenning, seier Korneliussen.

Han peikar på at ein del kommunar også har innført totalt forbod mot grilling og brenning. Mellom anna har brannvesenet i Sogn innført totalforbod mot open eld og grilling.

– Det er svært fort gjort at slike ting kjem ut av kontroll. Det skal lite til, og då vert brannen ofte ganske omfattande i løpet av kort tid, seier Korneliussen.

I mars månad var det registrert heile 24 gras-, lyng- og skogbrannar i Sogn og Fjordane. I same månad i fjor var det berre registrert éin slik brann.