I ein 16 siders rapport vurderer Hydro tryggleiken til konsernleiinga i Årdal og Høyanger og peiker ut generaldirektøren og styreleiar Egil Myklebust som dei mest utsette måla for lokal terror.
- Ser spøkelser
Hydro sin eigen informasjonsansvarlege i Høyanger, Bente Nesse, ristar på hovudet av Hydro sin terrorrapport som Bergens Tidende offentleggjer i dag. Ho meiner konsernleiinga ser spøkelse på høglys dag.
I rapporten vurderer konsernet faren for at tilsette og lokalbefolkning kan ty til blant anna gisseltaking, sabotasje og bombetruslar. For som Hydro sjølv skriv det i rapporten: "I sin fortvilelse gjør de handlinger som de ellers ikke ville funnet på å gjøre. Noen vil hevne seg."
Hydro sitt verk i Årdal
Upopulære
Hydro sitt vedtak om å ikkje investere i ny teknologi i Høyanger og Årdal vil føre til masseoppseiingar ved dei to aluminiumsverka om få år. Det har gjort Reiten & co særdeles upopulære i desse industrisamfunna - men det får no vere måte på, seier Nesse. Ho ser ikkje vekk frå at det kan bli ropt skjellsord etter leiinga. men ho meiner vegen er lang fram til angrep.
Utgangspunkt i internasjonale forhold
Informasjonsdirektør Tor Steinum i Hydro seier at rapporten er laga på grunnlag av ei sjekkliste som er basert på Hydro si internasjonale verksemd - altså for område som er meir ustabile enn industribygdene i Indre Sogn.
Hydro sin helse- miljø- og tryggleiksavdeling har kome fram til at det ikkje er nokon spesielle tryggleikstruslar i Årdal og Høyanger. Likevel konkluderer rapporten med at Hydro si tryggleiksavdeling skal kontakte dei lokale lensmennene før konsernleiinga kjem til Sogn på torsdag. Dei skal også ta kontakt med dei interne tryggingssjefane til Hydro og be dei vere budde på naudløysingar.