Hopp til innhold

Vedtok unik klimasatsing dei ikkje har råd til: – Fryktar skuleelevane får svi

Alle hurtigbåtane i Vestland fylke skal vere utsleppsfrie innan fire år. Framstegspartiet meiner satsinga manglar 100 millionar kroner.

Ekspressbåtane Vingtor og Njord

KLIMAVERSTINGAR: Ekspressbåtane «Vingtor» og «Njord» på veg ut fra Bergen mot Sogn og Nordfjord. Hurtigbåtar som brukar fossil diesel blir rekna som klimaverstingane innan samferdsel.

Foto: Norled

– Eg er ikkje med på å redusere skuletilbodet til ungdom fordi hurtigbåtane skal bli elektriske, seier Sigbjørn Framnes, stortingsrepresentant for Framstegspartiet i Vestland.

Partiet meiner ambisjonen er uansvarleg dyr, når staten ikkje har lova å ta ekstrarekninga for å gjere hurtigbåtar og bilferger utsleppsfrie.

Fylkeskommunen har ikkje pengane som trengs. Men Jannicke Bergesen Clarke i Vestland Arbeiderparti meiner satsinga til og trur regjeringa kjem til å bla opp til slutt.

Diskuterer «harmonisering» i skulene

Samstundes som fylkeskommunen har lyst ut anbodskonkurranse om grøn drift av hurtigbåtane, i tråd med regjeringa sitt ønske om å bli første land til å bli kvitt ein skikkeleg klimaversting, diskuterer opplæringspolitikarane i Vestland no «harmonisering» mellom dei ulike skulane i fylket i budsjettet for 2021

Samferdsel og skule er dei to klart største utgiftspostane for fylkeskommunen.

Om regjeringen ikkje tek ekstrakostnaden til slutt,, er det ikkje så mange andre stader å ta dei frå enn frå fylket sitt skuletilbod.

– Misforhold mellom ønsker og pengar

Framnes meiner derfor at regjeringa må spytte inn meir pengar i den ambisiøse klimasatsinga på hurtigbåtar, slik at fylkeskommunen ikkje må ta midlar frå andre område.

– Ambisjonane er fine og klima er viktig. Men her er det eit misforhold mellom det ein ønsker og det ein har pengar til. Det manglar i alle fall 100 millionar kroner, seier han.

Hurtigbåtar er eit framkomstmiddel med særs høge utslepp, i snitt over fire gonger meir enn fly for å transportera éin passasjer éin kilometer. Difor har fleirtalet i fylket vedteke at dei skal ha utsleppsfrie farkostar innan fire år.

Sigbjørn Framnes, Vestland Frp

BEKYMRA: Sigbjørn Framnes i Vestland Frp fryktar kutt i skuletilbodet for å få til klimasatsinga på hurtigbåtar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Teknologien finst ikkje

– Ko mykje det kostar veit vi ikkje før vi har fått anboda frå leverandørane på plass, seier Jannicke Bergesen Clarke i Vestland Arbeidarparti.

I dag er det ingen hurtigbåtar som kan gå mellom Bergen og Sogn eller Nordfjord utan utslepp. Fylkespolitikarane satsar på at lokal industri kan utvikle den teknologien som trengst.

– Somme gongar har miljøkrav ført til høgare pris, andre gonger lågare, seier Clarke. – Men det vil vere uansvarleg å ikkje ta dei rette vala for klima no.

Ap, Høgre, MDG, KrF, Sp, V og KrF skapte i desember fleirtal for den ambisiøse satsinga.

Ingen løfter frå regjeringa

Regjeringa har allereie løyvd 6 millionar kroner til utsleppsfrie hurtigbåtar i Vestland. Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) seier dei vil halde fram med å støtte fylket sine ambisjonar.

Men han kan ikkje garantere at Vestland får dekt heile ekstrarekninga.

– Eg håper politikarane våger å satse. Og det vil vi støtte. Vi kan aldri garantere at alle ekstrautgifter blir dekt. Vi må vente på korleis anboda blir.

– Men vi har eit mål om at satsinga kan halde fram utan at billettprisane stig, seier Rotevatn.

Sveinung Rotevatn

LOVAR IKKJE MEIR: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Foto: Bård Siem / NRK