– Dette er absolutt ein flott dag. MO-senteret markerer at me i Bergen kommune har eit godt tilbod til rusavhengige. Eg håpar jo at MO-senteret kan gje mange rusavhengige ein motivasjon til ei livsendring, seier Helse og Sosialbyråd Hilde Onarheim.
Dei to sentra skal gje rusavhengige støtte til å kome seg ut av rus, mellom anna gjennom jobbtrening, medisin og helsehjelp.
Fleire bebuarar i nærleiken av dei to sentra har vore skeptiske til at opninga av dei to omsorgssentera, og fleire har uttrykt uro over å få eit senter for rusavhengige i nabolaget.
– Forstår naboar er skeptiske
Samstundes med at det var kjent at Nygårdsparken skal stengje og bli pussa opp kom nyhenda om dei to nye rus-sentra. Fleire naboar har uttrykt frustrasjon over manglande informasjon frå kommunen, og frykt for at opninga av sentra vil føre til openlys omsetjing av narkotika.
- BAKGRUNN:
– Eg har forståing for at naboar eg skeptiske. Kanskje tenkjer mange at dette vil bli som Nygårdsparken, men det vil det jo ikkje bli. Men det vil jo bli sett i gong mange tiltak i nærleiken av sentra, til dømes å sikre at born er trygge på skulevegen, seier Helse og sosialbyråd Hilde Onarheim.
– Håpar fleire forlèt parken
Eit mål med senteret er å leggje til rette for at rusavhengige skal vere i aktivitet og ha eit så normalt liv som mogeleg. Onarheim fortel kommunen har arbeidd for å informere flest mogeleg om det nye tilbodet.
– Det er viktig at alle kjenner til desse tilboda no når parken stengjer. No håpar eg at fleire forlèt parken og byrjar å bruke sentra i staden, seier Onarheim.
- LES OGSÅ:
– Kor sikker er du på at dei som i dag oppheld seg i parken kjem til å nytte seg av MO-sentra?
– Det kan me jo ikkje vere sikre på, men både politiet og helse Bergen har brukt tid og ressursar på å informere rusavhengige om dette tilbodet. Det har vore fleire aksjonar, så eg trur dei fleste kjenner til at det no kjem eit betre tilbod til dei.
Fryktar å finne rusa personar i hagen
Stein Hitland er nabo til det nye MO-senteret. Han bur knappe femti meter frå senteret, og han er redd for å få uønskte gjestar i hagen.
– Her er ein slik type stad eg kunne tenkje meg det kunne bli aktuelt for folk og stikke seg vekk og gjere noko, seier han.
Hitland viser fram ein del av hagen der nokon lett kan gøyme seg bak buskane. Han har alt funne sprøytespissar når han har stelt i hagen.
– Når du har ein hage så går du gjerne og grev i jorda. Når me har luka rundt rosene, så har me funne sprøytespissar. Det er ikkje noko kjekt, seier han.
– Det me er uroa for er at me kan finne rusa personar i hagen, legg han til.
– Kjem ikkje til å reise vekk
Leif Jarle Theis er dagleg leiar i Kirkens Bymisjon i Bergen, og han er positiv til opninga. Han meiner det er viktig at dei rusavhengige kan få hjelp ute i bydelane.
– Me ser at det er ein belastning i sentrum og me trur at det at dei får tilbod både om helse, mat, fellesskap, aktivitet på ein stad, det trur eg er viktig, seier han.
Sjølv om Hitland også meiner MO-senteret er eit bra tiltak, så vil ikkje han reise frå huset i sommar.
– Eg kjem ikkje til å reise vekk i år, fordi eg er litt redd for kva som skje med den etableringa. Så, me held oss til telta så godt som råd, seier han.