Hopp til innhold

Kulturminne går tapt grunna myten om at grunneigar må betale

Rike fornminne går tapt kvart år fordi grunneigarar let vere å melde ifrå om funn fordi dei trur at dei må betale for ei utgraving. – Dette er feil. Staten betalar, seier fylkeskonservator Eva Moberg.

Eva Moberg

HER GJEKK DET BRA. Grunneigaren i Sogndal melde frå om eit funn som avslørte ei rik smedgrav frå vikingtida. Staten dekka kostnadane og grunneigaren fekk ei flott soge lagt til eigedomen sin.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I førre veke kunne arkeologar grave ut ein sjeldan søppelplass frå romartida i Lærdal fordi grunneigar Bjarne Nedrehegg melde ifrå om kva han fann då han skulle grave ned ein kum. Kostnadane med undersøkinga vert dekt av Staten.

Men det er ikkje alltid slik at folk melder frå om fornminnefunn til kulturavdelinga i fylkeskommunen. Myten om at ein blir «ruinert» av arkeologiske undersøkingar er svært sterk, sjølv om det ikkje har hald i røyndommen.

– Vi kan ikkje sjå bort frå at kulturminne har gått tapt fordi folk har vore redde for å melde ifrå. Men myten om at folk blir belasta med store kostnader er feil, seier Moberg.

– Dersom ein grunneigar kjem over eit kulturminne på eigedomen sin, så er det Staten som dekker kostnadene til dei undersøkingane som eventuelt er nødvendig for å dokumentere funnet. Då er det altså ikkje slik at grunneigaren må betale, seier Moberg.

Private tiltak

Det er nemleg slik at Staten skil mellom private og kommersielle tiltak. Kommersielle aktørar som har større utbyggingar på gang må betale for arkeologiske undersøkingar på like line med geologiske undersøkingar som ras- og flaumfare. Men vanlege bønder, hageeigarar eller tomteeigarar må ikkje betale noko som helst.

– Dersom du skal bygge bustad, garasje, hytte, ein molo eller utbetra vegen på eigedomen din, så er det Staten som betalar dersom du finn fornminne, seier Moberg.

– Kva om ein bonde skal utvide fjøsen eller dyrke eit nytt jorde?

– Utvide fjøsen og nydyrking opp til 15 dekar blir definert som eit mindre privat tiltak og funn av fornminne blir då betalt av Staten. Bonden betalar ingenting. Slik er det også dersom ein skal bygge ny eller ruste opp eksisterande landbruksveg, seier Moberg.

– Kvifor har det då festa seg ei forståing av at funn av fornminne vil koste store summar?

– Det er blitt ein slags myte som har forsterka seg. Vi kan ikkje gjere anna enn å fortelje at det ikkje er slik og at folk ikkje må vere redde for å seie ifrå, seier Moberg.

– Men vil eit prosjekt bli forseinka når ein involverer arkeologar?

– Vi rykkjer ut med ein gong vi får melding om funn og slike saker har høg prioritet hjå oss. Og så er det ikkje slik at vi undersøkjer alt som blir meldt. I 2015 var det naudsynt med undersøkingar i berre 1/6 av funna, seier Moberg.

Fann smedgrav

I 2014 melde hageeigar Leif Arne Nordheim i Sogndal at han hadde funne fornminne då han skule planere i hagen. Under nokre steinheller låg ein rik smedgrav frå vikingtida.

– Kulturavdelinga gjorde det klart med ein gong at eg ikkje skulle betale noko. Eg gjorde funnet på tysdag. Neste måndag var folk frå universitetet på plass. Det var trivelege folk og heile prosessen var veldig kjekk. Dei inviterte heile grenda hit for å fortelje kva dei hadde funne og korleis ting hang saman, seier Nordheim til NRK.

Eva Moberg seier vi kan miste svært mykje dersom vi ikkje bryr oss om å melde ifrå.

– Vi kan miste veldig rike spor etter vår eigen kulturarv og historie. Det er ikkje så godt å vite kor viktig eit funn er før ein har undersøkt det. Kanskje er funnet akkurat den vesle brikka i puslespelet som skal til for å fylle ut historia vår.