Hopp til innhold

Fryktar kommunane må permittere for første gong i historia

Koronakrisen har til no kosta norske kommunar mellom 20 og 27 milliardar kroner, syner nye anslag.

Ola Teigen

UROA: Ola Teigen er uroa for dei økonomiske konsekvensane av koronakrisa i norske kommunar.

– I sum betyr koronakrisa i alle fall femti millionar i minus for oss. Det er veldig dramatisk for ein liten kommune som vår, seier ordførar i Kinn kommune Ola Teigen (Ap).

Ordføraren seier at både inntektstap og auka utgifter skjer på fleire frontar samstundes.

– Vi har mista 25 millionar kroner frå lokale bedrifter som ikkje skattar like mykje som før, vi har store ekstrakostnader i samband med helsetiltak vi har sett inn og vi har store inntektstap frå idrett- og kulturarrangement.

Ordføraren seier at den kompenseringa som har kome frå regjeringa så langt er for dårleg, og får støtte frå Raudt-politikar i Stavanger Mimir Kristjansson.

– Koronakrisa har vore eit enormt hardt slag for kommuneøkonomien vår. Når vi reknar på den kompensasjonen som har kome frå regjeringa, så ser vi at det berre dekkjer rundt ein tredjedel av tapet vi har hatt, seier Kristjansson.

Portrett av Mimir Kristjánsson

DRAMATISK: Mimir Kristjansson (R) seier at den økonomiske situasjonen i Stavanger er dramatisk.

Foto: Siv Dolmen / Klassekampen

Tap på meir enn tjue milliardar

Styreleiar i KS Bjørn Arild Gram seier at biletet som vert teikna i Kinn og Stavanger er noko dei kjenner att frå heile landet no.

– Vi har gjort anslag som syner at samla i tapte inntekter og auka utgifter, kostar koronakrisa norske kommunar mellom 20 og 27 milliardar kroner, seier Gram.

Og talet aukar for kvar dag dei inngripande tiltaka held fram.

Så langt har regjeringa kompensert kommunane for rundt 6 milliardar.

– Vi har klare forventingar om at regjeringa kjem med meir pengar til kommunane i revidert nasjonalbudsjett neste veke, seier styreleiaren i KS.

Kommunalministeren: – Det kan kome meir pengar

Kommunalminister Nikolai Astrup (H) seier at han forstår frustrasjonen til dei kommunane som no er hardt råka av koronakrisa.

– Vi har vore oppteken av at regjeringa skal stille opp for kommunane, både under denne krisa, men også i tida etter, seier Astrup.

Astrup seier at regjeringa vil kome med fleire tiltak retta mot kommunane i revidert nasjonalbudsjett neste veke, og at det kan bli aktuelt med meir kompensasjon også i framtida.

– Men ingen kjem til å vere upåverka av koronakrisa, heller ikkje norske kommunar.

Nikolai Astrup

KJEM PENGAR: Kommunalminister Nikolai Astrup (H) lovar at det kjem meir pengar til koronaråka kommunar.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Kan bli permittering

Ordførar Ola Teigen i Kinn meiner at dersom kompensasjonen ikkje er god nok, kan det bety at kommunen lyt permittere fleire av dei tilsette.

– Det vil bety færre lærarar og barnehagetilsette, og ei svekka velferdsyting frå kommunen. Det er ikkje ein situasjon vi har lyst til å hamne i, seier Teigen.

KS-sjefen håpar ikkje det skjer.

– Det ville ha vore første gong at norske kommunar må permittere tilsette, det håpar vi ikkje blir naudsynt, seier Gram.

Kommunalminister Astrup meiner at kommunane ikkje treng å bekymre seg for det.

– Kommunane kan vere trygge på at regjeringa kjem til å setje dei i stand til å levere gode velferdstenester, også etter denne krisa.