Hopp til innhold

Fryktar for turistbåt i Hardanger

Reiselivsdirektøren i Hardanger reagerer på kuttforslaget til fylkeskommunen på turistbåtruta i Hardanger.

Andreas Skogseth i Visit Hardangerfjord meiner Hardanger vil tape stort då ein ikkje har eit likande tilbod for å oppleve alle Hardanger-kommunane.

Han legg til at hurtigbåten knytter regionen og bygdene i Hardanger saman på ein god måte. I tillegg til at turistane får eit godt alternativ for kollektivtransport i Hardanger.

Vestland fylkeskommune vil spara totalt 100 millionar kroner på kutt i kollektivtilbod til neste år. Årsaka er auka kostnader. Ved å kutte tilskot til turistbåtruta vil dei spare fire millionar kroner.

Skogseth er redd for at om turistbåten fell ut av budsjettet, vil den mest sannsynleg forsvinne frå Hardanger for godt.

Andreas Skogseth, Visit Hardangerfjord
Foto: Tale Hauso / NRK