Hopp til innhold

– Kjennest som eg blir straffa for å ha gått på folkehøgskule

Draumen om studieplass kan bli knust for Frida (20) og mange andre, fordi årets russ kan få høgare karaktersnitt enn normalt. No etterlyser fleire eit meir rettferdig studieopptak.

Frida Midtmageli

GJEKK PÅ FOLKEHØGSKULE: Frida Midtmageli (20) var ferdig på vidaregåande for to år sidan, og har brukt det siste året på folkehøgskule. No fryktar ho at det kan straffa seg, og at ho ikkje kjem på psykolog-studiet i Tromsø.

Foto: Privat

– Det kjennest som eg blir straffa for å ha gått på folkehøgskule. Hadde eg søkt i fjor, så hadde eg jo kome inn, seier Frida Midtmageli (20).

Ho er ein av mange som uroar seg over om dei kjem inn på studiet dei ønskjer seg til i år.

Midtmageli gjekk ut av vidaregåande for to år sidan. Det betyr at ho i år må konkurrere med søkjarar som ikkje har teke eksamen på grunn av koronautbrotet. Truleg får elevane som går ut av vidaregåande i år difor eit høgare karaktersnitt.

Til hausten vil 20-åringen gjerne inn på psykologistudiet til Universitetet i Tromsø.

Koronakrisa har ført til at rekordmange søker høgare utdanning. Då vert det truleg også hardare konkurranse for å koma inn på det studiet har søkt seg til.

– Eg uroar meg for å ikkje koma inn. Dette er urettferdig. Snittet kan verta høgare i fleire år framover, seier Midtmageli.

– Vi vert utkonkurrerte

På våren i tredje klasse har elevane normalt tre skriftlege og ein munnleg eksamen. På munnleg eksamen er det vanleg at elevane får den same karakteren eller betre, men på dei tre skriftlege går ein vanlegvis ned.

Standpunktkarakteren i norsk hovudmål til kullet som gjekk ut i fjor låg i snitt på 3,8. På eksamen var han 3,4. I realfagleg matematikk på Vg3 var standpunktkarakteren i snitt 4,2. På eksamen var han 3,6.

Det går ut over dei som søker med fyrstegongsvitnemålet, meiner Midtmageli.

Ho føreslår at koronakullet får eigne plassar i ei eiga kvote på studia.

– Då utkonkurrerer dei ikkje oss andre.

Elisabeth Hovdhaugen

FORSKAR: Elisabeth Hovdhaugen ved NIFU har forska på det norske opptakssystemet til høgare utdanning.

Foto: NIFU

Får støtte frå forskar

Seniorforskar Elisabeth Hovdhaugen ved Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU), er einig i at opptakssystemet burde justerast i år.

Ho føreslår at eksamenskarakterane burde falla bort for alle dei tre kulla som søker med fyrstegongsvitnemålet i år.

– Det er enkelt å setja inn ein algoritme som fjernar eksamenskarakterane i søkesystemet, seier ho.

Karakterane til dei fleste tredjeklasse-elevane i landet er enno ikkje sette. Hovdhaugen vil ikkje spekulera i om kor mykje den eventuelle auken i karakterar for årets kull har å seia.

Brage Dyrseth og Tuva Hagland sit i klasserommet.

KORONAKULLET: Brage Dyrseth og Tuva Hagland er ferdige på vidaregåande om to veker. Kullet deira får truleg eit høgare karaktersnitt.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Me har ikkje hatt eit vanleg skuleår

På Langhaugen vidaregåande skule i Bergen har dei fleste ein tanke om kvar i løypa dei ligg.

Tredjeklassing Brage Dyrseth meiner at heimeskule og karantene i stor grad veg opp for at dei ikkje har hatt eksamen.

– Me har ikkje hatt eit vanleg skuleår. Karakterane er ikkje like representative for oss som for kulla før oss, seier han.

Klassekamerat Tuva Hagland er ikkje like skråsikker på kva som er mest rettferdig.

– Det kunne kanskje vore gjort noko, men samtidig må vi hugsa på at enkelte går opp i snitt på eksamen. Uansett er det ikkje råd å gjere det rettferdig for alle, seier ho.

Forsknings- og høyere utdanningsminister Henrik Asheim

HELD FAST: Henrik Asheim (H) seier at det ikkje blir endringar i opptakssystemet til høgare utdanning i år.

Foto: Fredrik Hagen / Fredrik Hagen

Vil ikkje endra systemet

– I år er me nøydde til å akseptera at det er litt unntakstilstand, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Universitet og høgskular i Noreg får difor studentar på same måte som dei pleier til hausten.

Ministeren seier dei har vurdert forslaget til NIFU, men kom fram til at det var mest tenleg å la søknadsprosessen gå sin vante gang.

– Viss me hadde teke bort eksamenskarakterane i år, kan det henda me måtte fjerna dei i mange år framover, seier Asheim.