Hopp til innhold

Meteorologen kan ikkje hugsa liknande: Fryktar alvorleg skogbrannfare på Vestlandet

Farevarselet meteorologen sende ut denne veka er sjeldan kost for Vestlandet i august. Og det kan fort skifte farge.

Stor skogbrannfare på Vestlandet

KAN BLI ORANSJE: Meteorologen har allereie sendt dette varselet for Møre og Romsdal og Vestland.

Det tørre vêret, særleg i Vestland og Møre og Romsdal, bekymrar statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Meteorologisk institutt sende tysdag ut gult farevarsel for skogbrann i området.

På kort tid kan fargen på varselet bli endå mørkare.

Det hender samtidig som Sør-Europa er hardt råka av hetebølge og skogbrannar. Delar av Hellas var i dag spådde til å ligge tett opp til varmerekorden i Europa på 48 grader.

Frå gult til oransje

I Vestland har lokale terrengbrannar blussa opp, og den generelle skogbrannfaren er unormalt høg.

Prognosane seier at vêret vil halde fram med å vere tørt, samtidig som temperaturane blir høgare. I tillegg vil det koma ein del vind, som gjer at faren for brann vil auke inn mot helga.

– Om det tørre vêret held fram vurderer vi å sende ut oransje farevarsel, seier Fagerlid.

Det er særs sjeldan kost at Vestland får slike varsel i august månad.

– Eg kan ikkje hugse liknande, seier Fagerlid.

Røykutvikling på Årheimsfjellet i Stryn.

STRYN: For tredje gong på få dagar har det vore røykutvikling på Årheimsfjellet i Stryn.

Foto: Jarle Øygard

Eld utandørs? Nei, takk!

Brannvesenet i Vestland har drive sløkkingsarbeid på fleire stader denne veka.

På Årheimsfjellet i Stryn har det vore stadig ny røykutvikling. Det er tredje gang denne veka at denne brannen blussar opp igjen. Sløkkingsarbeidet skjer no med bistand frå helikopter.

Brannsjef John Jatgeir Vinsrygg fortel at arbeidet er krevjande.

– Vi håpar at vi slepp å halde fram med dette stort lenge.

Brannsjef i Gloppen kommune Kjell Aske ber folk om å avstå frå all eldtenning utandørs.

– No er det føre-var-prinsippet som gjeld, seier han.

Brann helikopter Løvstakken

HELIKOPTER: Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap har over 20 helikopter som dei kan setje inn for å assistere med brannsløkking

Foto: Sveinung S. Øiestad

– Kan bli kritisk

Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap fortel at dei fortløpande vurderer terrengbrannen i Stryn.

– No har vi to helikopter i innsats her, men vi har høve til å setje over 20 til viss brannfaren skulle tilseie det, seier han.

Tidlegare i sommar hadde brannvesenet store utfordringar med grasbrannen på Sotra. Direktoratet er førebudd på at liknande brannar kan skje igjen.

– Det kan bli kritisk om det skjer brann i nærleiken av busetnadar, samtidig som vegetasjonen er tørr og det er mykje vind, seier Ly.

Avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB.

BUDD: Avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnsikkerheit og beredskap, Johan Marius Ly, følger nøye med på brannfaren i landet.

Foto: Pressefoto