Hopp til innhold

Frustrert over mange innstilte ferjeavgangar

SOLUND (NRK): Hovudferja må byte hovudmotor, og reserveferja er sendt på verkstad. Ferjeproblema i Ytre Sogn skaper frustrasjon hos turistar, fastbuande og næringsdrivande.

Jan Arne Lilletofte (t.h) og Lars Andreas Tveit

MÅTTE VENTE: Jan Arne Lilletofte (t.h) og Lars Andreas Tveit på veg til jobb i Solund.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Det må vere trasig for dei som brukar ferja til dagleg, seier Arne Lilletofte.

Han og kollega Lars Andreas Toft var på veg til eit jobboppdrag i Solund, då dei vart overraska over den kansellerte ferjeavgangen.

Hovudferja Losna, som til vanleg går i rute mellom Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella, må byte hovudmotor denne veka. På same tid er reserveferja sendt på verkstad.

I staden har reserven til reserven blitt sett inn, men ho er lita og greier ikkje halde tritt med rutetabellen.

No skaper ferjeproblema frustrasjon både hos turistar, fastbuande og næringsdrivande. Den vesle øykommunen har rundt 800 innbyggarar og det har vore fleire problem med ferjetrafikken dei siste dagane.

Mange er frustrerte

Tom Færøy

VIL TA KONTAKT: Varaordførar Tom Færøy vil ta kontakt med fylkeskommunen.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Fungerande ordførar Tom Færøy seier situasjonen er uhaldbar, og minner om at ferja er hovudsambandet deira til fastlandet.

– Det er mykje frustrasjon på grunn av all denne ventinga. Eg vil nesten seie at du må leite etter folk som ikkje merkar det. Når eg møter folk, så er det eitt tema folk snakkar om – og det er ferja.

Vi kan ikkje halde fram på denne måten, seier han.

– Dei må få på plass nokre betre materiell så snart som mogleg om ikkje den ordinære ferje kjem i drift att snart.

No vil han ta kontakt med fylkeskommunen som er oppdragsgjevaren for ferjedrifta.

– Vi må ha betre reserveløysingar. Eg har også lyst å ta ein diskusjon med Fjord1 på gode og kreative løysingar når slike situasjonar oppstår. Dette er ikkje godt nok.

Tor Erling Bahus

EIG HOTELLET: Tor Erling Bahus seier dei får avbestillingar.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Tor Erling Bahus eig og driv Solund leilegheitshotell. Han fryktar for konsekvensane av ferjetrøbbelet.

– Sidan onsdag har vi hatt avbestillingar dagleg. Det er sett inn passasjerbåt, men det hjelper ikkje så mykje når han går mellom to ferjekaier og ikkje to kommunesenter.

– Folk må vere tolmodige

Tor Kristoffersen er regionleiar i Fjord1. Han vedgår at løysinga ikkje er god nok.

– Vi har forståing for at dette skapar utfordringar for folk, men vi prøver å løyse det på ein best mogleg måte innanfor dei moglegheitene som ligg der. Dette er det best vi får til desse dagane, diverre.

Han seier det ser ut til at ferja ferdig reparert i løpet av veka og at ho er på plass fredag kveld eller laurdag føremiddag.

Fram til då blir rundturen frå Krakhella klokka 10:10 kansellert og det blir passasjerbåt på rundturen 13:40.

– Dei andre avgangen kjem til å gå som planlagt, men det kan bli mindre forseinkingar. Folk må vere tolmodige, seier han.

Øyvind Losnegard

FRAKTAR FOLK: Øyvind Losnegard har travle dagar.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Mange ekstra turar

Når hovudferja er ute av drift, og reserveferja ikkje fungerer optimalt, blir det mange turar på skyssbåten for å få folk til og frå øysamfunnet i Solund.

Skyssbåtførar Øyvind Losnegard fortel at dei har køyrt om lag 200 passasjerar siste dagane.

– Det har vore ganske travelt. Det blir lange dagar, men vi gjer så godt vi kan for at folk skal kunne få komme seg heim.

ØYKOMMUNE: Solund har om lag 800 innbyggarar.