Hopp til innhold

19 år gamle Frøya (MDG) blir tidenes yngste stortingsrepresentant

– Det er utruleg stas, ei enorm tillitserklæring og ei oppgåve som eg gler meg til å ta fatt på, seier Sjursæther.

en kvinne som smiler foran en tavle

19 år gamle Frøya Skjold Sjursæther (MDG).

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

I år har ho vore både førstegongsveljar og førstekandidat i Hordaland.

No viser NRKs prognose at bergensaren blir den yngste stortingsrepresentanten nokosinne.

– Det kjennest veldig stort, seier ho frå valvaka på Landmark i Bergen.

Men me har ikkje klart dette med meg åleine. Me er eit sterkt lag som har jobba med valkamp i over eit år.

19-åringen er svært opptatt av å skryta av dei frivillige som har bidrege i valkampen.

– Det aller beste med valkampen har vore å sjå kor mange me har vore og kor enorm kraft dei frivillige har hatt lenge før det også begynte å gå bra på meiningsmålingane.

– Enormt stort

Valvaka på Landmark i Bergen er pynta i grønt: Ballongar, flagg og lys la eit grønskjær over dei ekstatiske frammøtte.

mange folk jublar i grønt lys

Jubel på valvaka til MDG i Bergen.

Foto: Christel Higraff / NRK

Sjølv såg Sjursæther veldig roleg ut før dei første tala var klare, men ho kunne avsløra at ho ikkje var fullt så roleg på innsida.

NRK sin prognose viser også at MDG har klart sperregrensa.

Les også MDG over sperregrensa for første gang: – Det var mulig

Det kjennest enormt stort at Miljøpartiet Dei Grøne no for første gong bryt sperregrensa i eit stortingsval, seier Sjursæther.

Ho understrekar likevel at dei ikkje kjenner seg trygge før alle stemmene er talde opp.

– MDG over sperregrensa betyr at me kan vera ein maktfaktor i norsk politikk og kan dra Jonas Gahr Støre i ei grøn retning.

Heather Bambrick iført briller

Ein entusiastisk MDG-ar på valvake på Vulkan i Oslo.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Svært jamt mellom Sp og MDG

Då tala frå førehandsrøystene vart presenterte klokka 21, vart det stor jubel på valvaka på Landmark i Bergen.

Men framleis var det ei stund til Sjursæther kunne vera sikker på at ho hadde kapra plassen.

Sp og MDG i Hordaland har i heile kveld vore svært jamne både i dei opptalde stemmene og i NRKs prognose.

  • en person som ser på noe
    Foto: Christel Higraff / NRK
  • en kvinne som smiler til kameraet
    Foto: Christel Higraff / NRK
  • en kvinne med langt hår
    Foto: Christel Higraff / NRK

Eg trur einkvar politikar som får moglegheit til å representera ein heil valkrins på Stortinget burde ta det på djupt alvor.

Slår rekord frå 2021

I 2021 kom Senterpartiets Maren Grøthe frå Hølonda (20) i Trøndelag inn som den dåverande yngste representanten.

Då Ola Borten Moe vart statsråd, rykte ho inn og tok hans plass.

No blir rekorden slått. Sjursæther er fødd i 2006 og blir dermed ikkje 20 før neste år.

En gruppe mennesker som danser

Stemninga er god på valvaka på Landmark ved 23-tida.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Stortingsvalet 2025 var første gong ho fekk stemma – og NRK var med då ho stemte på seg sjølv.

Sjursæther er politisk nestleiar i Grønn Ungdom, har vore fylkesleiar i Grøn Ungdom Vestland i perioden 2021-2023, og blei i 2024 stemd fram som MDGs førstekandidat til valet i Hordaland.

NRKs prognose: Ap størst i Hordaland

en gruppe mennesker som sitter ved et bord med drinker og skilt

Oppslutning i Hordaland

Partioppslutning
PartiOppslutningEndring

Viser endring fra forrige stortingsvalg.