Hopp til innhold

Frostnetter og låge temperaturar: – Vent med å skifte dekk på bilen

Dei som lengtar etter sol og varme må smørje seg med tolmod. – Det er lite som tyder på at vi skal tilbake til sommaren med det første.

Sandane i Gloppen

APRIL: – Så var det på an igjen. Det er greitt at denne månaden heiter april og ikkje mai, skriv Randi Ryssdal om dette biletet ho har teke på Sandane.

Foto: Randi Ryssdal

Etter å ha fått smake på sommaren på Vestlandet har denne veka vore prega av låge temperaturar.

På Stord vart det ei heilomvending då temperaturen gjekk frå over 20 grader måndag til 7 grader onsdag.

«Shorts den eine dagen og skjerf den neste – her gjeld det å halde tunga rett i munnen når ein skal kle på seg», skriv Metorologene på Twitter.

– Slik det ser ut no er det lite som tyder på at vi skal tilbake til sommaren med det første, seier statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane.

Blåklokker i snø

NY DRAKT: Blåklokkene til Sissel Breiland i Vefsn fekk eit kvitt dryss over seg i løpet av natta.

Foto: Sissel Breiland

Tørt og kaldt

– No har vi hatt veldig fint vêr med sønnavind og lite nedbør i helga som var. Frå tysdag snudde vinden, og då ser vi ein tydeleg nedgang i temperaturen, fortel meteorologen.

Verken denne helga eller i neste veke vil temperaturane krype over ti grader.

– Dei ti komande dagane held temperaturen seg på dette nivået, seier Solsvik Vågane.

Om nettene er temperaturen venta å ligge på rundt null grader fleire stader.

– Nattefrosten er skummel, og det er nok lurt å vente med å skifte dekk på bilen, seier meteorologen.

Vinden kjem frå ei nordleg retning. Møre og Romsdal må bu seg på regnbyer i helga, medan Vestland derimot går klar nedbøren dei komande dagane.

Sotra

VIND: Ei endring i vindretninga førte til vêromslag og kulde denne veka. Brynhild Enerhaug fanga denne utsikta på Sotra.

Foto: Brynhild Enerhaug

Vêrvinnarar i aust

I starten av neste veke kan det bli både vått og kaldt i vest.

– Folk får nyte helga vi har i vente. I løpet av neste veke vil det kome litt nedbør, er beskjeden frå meteorologen.

Sidan vinden kjem frå ei nordleg retning litt Austlandet i le for byevêr.

– Men frå Møre og Romsdal og nordover i landet vil det kome snøbyer gjennom den komande helga. Det blir likevel periodar med sol, så kanskje er det gode forhold for ski, seier meteorologen.

  • I store delar av landet er det no moderat fare for snøskred. Her kan du halde deg oppdatert på skredfaren.
Laster Twitter-innhold