Hopp til innhold

Frifunnen for hets mot barnevernsleiar: – Vi er veldig fornøgd

Bloggar Alf Kollsete (82) vart måndag frifunnen i Gulating lagmannsrett.

Forsvarar Ivar Eivind Hauge (t.v.) og klient hans Alf Kollsete.

FRIFUNNEN: Alf Kollsete (til høgre) vart frifunnen i Gulating lagmannsrett måndag.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Kollsete blei i 2019 dømt i Sogn og Fjordane tingrett for å ha skrive hetsande kommentarar mot tidlegare barnevernsleiar og politikar Clara Øberg.

Han kalla Øberg terrorist, overgripar og eit menneske utan skruplar på bloggen sin. I tingretten vart han dømt til å betala 12.000 kroner i bot, men anka saka til Gulating lagmannsrett.

Måndag vart han frifunnen.

– Vi meiner at det var ein god og riktig dom. Den samsvarer med vår argumentasjon og vi er veldig fornøgd med resultatet, seier advokatfullmektig Katrine Holter som representerer Kollsete.

– Ikkje krenking av privatlivets fred

Ho seier at Kollsete var feilaktig dømt for krenking av privatlivets fred.

– Hans utsegner må forståast i lys av kontekst. I dette tilfelle var det eit blogginnlegg med kritikk av barnevernstenesta. Han har ikkje oppgitt sensitive opplysningar om nokons privatliv.

Det kjem blant anna fram i dommen at «Navnene deres er i seg selv ikke sensitive personlige opplysninger. Slik lagmannsretten ser det, er heller ikke de fremsatte beskyldinger eller sjikanerende betegnelser relatert til de fornærmedes personlige forhold».

Gulating lagmannsrett kom difor fram til at utsegnene ikkje «krenker privatlivets fred» i lovens forstand. Forholda rammast difor ikkje av straffelova § 267, som Kollsete var tidlegare dømt for.

Clara Øberg er på ferie og kjenner ikkje til dommen til Gulating lagmannsrett. Ho ønskjer difor ikkje kommentere saka, seier ho til NRK.