Hopp til innhold

Fredrikke (9) talde kor lite kvinnefotball det var på nyheitene: – Urettferdig

Det er nesten sju gongar så mykje herrefotball som kvinnefotball på Supernytt, ifølge ei oppteljing gjort av Fredrikke. – Me gjer ikkje jobben vår, seier NRK sin fotballekspert.

test

DUELL: Fredrikke i svart og kvitt er Baune-spelar. Til høgre er statistikken over talet på innslag med høvesvis herre- og damefotball på Supernytt i år.

Foto: privat

– Eg synest det var kjedeleg at dei berre sende herrefotball og ingen damefotball, seier Fredrikke Hopland Nestås.

Så ho såg gjennom alle nyheitssendingane til NRK Super så langt i år og talde opp kor mange innslag det var om herrefotball og kor mange det var om damefotball.

Og resultatet var skuffande:

  • 8 saker om damefotball
  • 54 saker om herrefotball

– Det er kjedeleg og urettferdig, sa ho då ho gjesta morgonsendinga til NRK Vestland i Bergen førre veke. Sjå innslaget nedst i saka.

Fredrikke Nestås på fotballkamp

Fredrikke (t.h.) på Brann-kamp på Stemmemyren saman med Mathilde Fludal Saanum (f.v.) og Julia Hegnes.

Foto: Privat

– Jentene treng å sjå idola sine

Dei siste åra har kvinnefotballen for alvor fått eit løft internasjonalt.

I sommar slo fotball-EM for kvinnene alle tidlegare publikumsrekordar. På det meste var over 650.000 sjåarar innom finalesendinga til NRK.

Over 91.000 var på Camp Nou då Barcelona og Real Madrid møttest i meisterligaen for kvinner i vår.

Lars Hopland Nestås, pappaen til Fredrikke og fotballtrenar for laget hennar, skulle ønskja kvinnelege fotballspelarar var endå meir synlege i media.

– Dette er idola til jentene. Men når dei ikkje er på sosiale medium, som desse jentene er for unge til, så er det ganske vanskeleg å finna ut korleis det går med dei når dei spelar ute i Europa, seier Nestås.

Caroline Graham Hansen og Ada Hegerberg

VERDSTOPPEN: Caroline Graham Hansen spelar i Barcelona og Ada Hegerberg spelar i Lyon.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Me gjer ikkje jobben vår

– Eg blir litt flau, men samstundes veldig inspirert og glad, seier Jan Petter Saltvedt, sportskommentator i NRK, om engasjementet til Nestås.

Sportskommentator i NRK, Jan Petter Saltvedt. Foto: ALEM ZEBIC / NRK
Foto: ALEM ZEBIC / NRK

Han takkar for påminninga, og understrekar at det er jobben til media å spegle at statusen til kvinnefotball har stige enormt dei siste åra.

– Me klarer ikkje fanga opp det som skjer, og då gjer me ikkje jobben vår, seier Saltvedt.

Landslagskeeper kjenner seg att

Eg kjenner meg veldig att i det Fredrikke seier, seier Cecilie Hauståker Fiskerstrand, keeper på landslaget og LSK Kvinner.

Ho trur at media vil få mykje att for det på sikt, om dei kjem meir på ballen i engasjementet som er rundt kvinnefotball no.

– Det er veldig kult at ein niåring seier ifrå! Det er desse generasjonane som skal opp og fram.

Cecilie Hauståker Fiskerstrand. Fotball VM-kvalifisering kvinner: Norge - Polen VM-kvalifisering fotball kvinner: Norge- Polen 2-1.
Foto: Annika Byrde / NTB

Under EM var ho med som ekspertkommentator på TV 2, og ho er også med i Toppserie-podkasten «Mer enn 4-4-2».

– Me har framleis langt å gå. Det heiter «World Cup» og «Women's World Cup». «Champions League» og «Women's Champions League». Det er fleire som må dra i same retning, og media er ein stor del av det, seier Fiskerstrand.

Chloey Kelly feirar det avgjerande målet mot Tyskland i EM-finalen 2022

EM-FINALEN: Med 87.000 tilskodarar på tribunen feira engelske Chloe Kelly det avgjerande målet i EM-finalen mot Tyskland 31. juli 2022 på Wembley i London. Meisterskapen hadde namnet «UEFA Women's EURO 2022»

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

NRK Super legg seg flate

NRK Super legg seg heilt flate etter å ha høyrt om forskinga til den ivrige niåringen.

Først må eg seia at det er heilt fantastisk at nokon har gått oss slik i saumane og sjekka. Det er ikkje slik det skal vera, seier Eirin Nilssen Vikøren, fungerande prosjektleiar og vaktsjef i Supernytt i NRK.

– For oss som driv med nyheiter for barn er det veldig viktig å vera obs på å skapa ein balanse og ha like mykje om kvinnefotball som herrefotball. Det er mange jenter der ute som spelar fotball, og dei treng å sjå sine idol og forbilde, seier ho.

NB! NRK intervjua Fredrikke onsdag 21. september, og allereie same dag tok Supernytt grep med å laga fleire innslag om kvinnefotball. Difor vil nok tala vera litt forandra no.

Fredrikke

Høyr Fredrikke H. Nestås snakke om saka i God morgon Hordaland 21. september.