Hopp til innhold

Fredar ikkje gamle industrianlegg

Riksantikvaren fredar ikkje industrianlegg i Høyanger. Dermed er riving av 100 år gamal industrihistorie eit steg nærare.

Trallebana og trappene i Høyanger sentrum

VILLE FREDE: Målet til kommunen var freding av ei trallebane, røyrgater frå 1916 og ein kraftstasjon frå 1938.

Foto: Steinar Lote / NRK

Målet til kommunen var freding av ei trallebane, røyrgater frå 1916 og ein kraftstasjon frå 1938.

Nye kraftanlegg inne i fjellet har tatt over og NVE krev i utgangspunktet at alle kraftinstallasjonar som ikkje er bruk må rivast eller vernast. Statkraft ønskjer riving.

Kultursjef i Høyanger, Anita Nordheim, fortvilar over at det ikkje blei vernevedtak

– Vi blei veldig skuffa då vi fekk svaret, men samstundes skriv Riksantikvaren at dette har stor kulturminneverdi. Han oppmodar både Statkraft, kommunen og andre om i fellesskap finne løysingar.

Difor har ho ikkje gitt opp håpet om at denne delen av industrihistoria skal bestå i Høyanger.

– Når vi ikkje nådde opp med fredingsvedtak, må vi finne andre løysingar. For dette er veldig, veldig viktig for oss at skal stå for ettertida, seier ho.

Høyanger sentrum

SJÅ VIDEO: 100 år gammal norsk industrihistorie kan gå tapt når Statkraft vil fjerne gamle anlegg i Høyanger.