Hopp til innhold

Framles stengd på Bergensbanen

Det er framleis stengd på Bergensbanen mellom Hallingskeid og Myrdal etter snøskredet natt til fredag. Det har gått fleire nye ras i området i natt, men ikkje over togskinnene, opplyser Bane Nor.

– Vi har hatt geolog i området. Det er usikre forhold, og vi startar no med å sprenge vekk snø, seier pressevakt Gunnar Børseth.

Han seier det er eit stort og krevjande oppryddingsarbeid, men at at noko av snøen er rydda vekk.

– Det blir ny oppdatering klokka 16.

Snøskred stengjer Bergensbanen
Foto: Erling Nesbø / Spordrift