Hopp til innhold

Ein Vålerenga-supporter pågripen etter nedtagging av butikk

Politiet pågreip i ettermiddag ein Vålerenga-supporter på ferjekaien på Fodnes. Fleire i følgjet hans blei også sjekka ut av politiet.

Politiet sjekkar supporterar i Sogndal

POLITISJEKK: Politiet var på plass Sogndal sentrum for å sjekke at alt gjekk roleg føre seg mellom Sogndal- og Vålerenga-supporterane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I kveld møtast Sogndal og Vålerenga på Fosshaugane og mange fotballsupporterar frå Austlandet har teke turen over fjellet for å sjå kampen.

På veg gjennom Hemsedal skal ein av personane ha tagga på ein butikk i Hemsedal. Etter det NRK kjenner til, skal han og andre også ha forsøkt å tagge på ferjekaia på Fodnes, men der stod politiet og venta på dei.

– To bussar i følgje er på veg mot Sogndal med supporterar. Vi har fått melding frå vitne som har sett at ein fotballsupporter tagge på eit butikkvindauge. Politiet har fått ein beskrivelse av korleis denne personen ser ut, seier Jan Koldal i politiet i Buskerud.

Dei varsla politiet i Sogn og Fjordane og ei patrulje frå Årdal pågreip ein person på ferjekaien på Fodnes i ettermiddag.

– Denne personen er no sleppt fri igjen. Vi stoppa mannen for å fastslå identiteten og det er truleg rett mann som blei stoppa, opplyser operasjonsleiar Nils Erik Eggen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Alle supporterane fekk reise vidare for å sjå det viktige oppgjeret mellom Sogndal og Vålerenga. Mange av desse tok turen innom Lægreidspuben i Sogndal sentrum, og ein patrulje frå Sogndal lensmannskonto følgde med i tilfelle det skulle oppstå bråk mellom Vålerenga- og Sogndal-tilhengarane.