Hopp til innhold

Storbyane stel lokale spelarar

FLORØ (NRK): Fleire fotballklubbar i fylket slit med at mange spelarar forsvinn om sommaren på grunn av få moglegheiter for utdanning i fylket.

Terje Rognsø

SLIT MED FRÅFLYTTING: Trenar Terje Rognsø og Florø Fotball er ein av klubbane i fylket som merkar at det manglar studietilbod til unge fotballspelarar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Mangel på tilbod for unge i Florø gjer at Florø Fotball kan risikere å miste så mange som åtte av dei 30 spelarane dei har. For ein klubb som har hatt eit treårig mål om å rykke opp til første divisjon innan 2016, byr det på utfordringar.

– Vi som klubb ønsker å satse på lokale spelarar. Men det er vanskeleg når vi ikkje veit om dei kjem til å bu her etter sommaren, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Florø Fotball ligg førebels på ein andreplass i andre divisjon avdeling 3, i ryggen på serieleiar Nest-Sotra. Opprykket er altså innan rekkevidde. Sjølv om dei fleste av spelarane som truleg forsvinn ikkje er etablerte førstelagsspelarar, påverkar det spelargruppa.

– Ei gruppe på 30 spelarar er kanskje mykje. Men når sju–åtte av dei dreg får vi ein svakare treningskvardag, fortel Rognsø.

Problem i heile fylket

Det er ikkje berre i Florø dette er ei problemstilling.

– I år har vi minst tre spelarar som neppe blir med vidare, seier Geir Kjetil Øvstetun, leiar i Årdal Fotballklubb.

Geir Kjetil Øvstetun

PROBLEM KVART ÅR: Geir Kjetil Øvstetun og Årdal må kvar sommar ta omsyn til at spelarar forlèt bygda.

Foto: Årdal FK

Årdal kjempar for å overleve i tredje divisjon. Då passar det dårleg at nokon forsvinn.

– Kvart einaste år har vi spelarar som startar på ei høgskuleutdanning ein annan plass. Det er vanskeleg å planlegge fram i tid når du får endringar frå år til år, fortel Øvstetun.

Florø-trenar Rognsø meiner fylket no lir på grunn av fråflyttinga blant spelarar i sin beste alder.

– Fylket ligg litt nede fotballmessig. Sogndal gjer det bra, og vi gjer det bra, men i tredje divisjon kan det sjå ut som om alle laga rykkjer ned. Utfordringa er å halde på dei lokale, fortel Rognsø.

Hentar nokre heim att

Ein av spelarane som forsvinn frå Florø er Halvor Solheim-Olsen. Han har lenge vore ein sentral mann for Terje Rognsø, i år som omskolert midtbaneanker.

– Planen er å flytte til Oslo og studere til lærar på høgskulen der, fortel Solheim-Olsen.

Halvor Solheim-Olsen

SET KURSEN MOT OSLO: Men Halvor Solheim-Olsen skal spele for Florø ut sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

I enkelte tilfelle har Florø Fotball valt å løyse problemet ved å henta spelarar heim att til kampar. Det gjer dei allereie med Hove-brørne Erlend og Runar, som begge studerer i Bergen. Det same skal dei no gjere med Solheim-Olsen.

– Trening må du få til på den plassen du bur på, med eit lokalt lag. Men det er fullt mogleg å dra heim i helgene å spele for Florø, som eg kjem til å gjere ut sesongen, fortel 21 år gamle Solheim-Olsen.

Men at han ikler seg Florø-drakta når 2017-sesongen blir sparka i gang, vil ikkje den tidlegare spissen garantere.

– Eg har lyst til å halde fram med fotballen, men eg må prioritere skulen. Dersom det viser seg at det blir tungt å reise til kvar kamp, lyt eg nesten vurdere saka. Men om det går bra er det sjølvsagt mogleg å halde fram i Florø.