– Vi har ein til to sendingar i veka. Eg er reporter og programleiar, fortel 48-åringen.
For mange er han nok mest kjent som florøværingane sin Høgre-ordførar frå 2011 til 2015. For fotballfolket er han også kjent som tidlegare mangeårig spiss og storscorarar for fotballaget i kystbyen. For dei heilt lokalkjende er han skoseljar. No har Bengt Solheim-Olsen også fått ei TV-karriere.
– Etter eit langt liv innan lokalfotballen er det veldig kjekt å kunne vere med å bidra. Vi sit jo på ein viss kunnskap om kva som rører seg i by og bygd i vår region, fastlår Solheim-Olsen.
Florø-profilar
Det var like i forkant av seriestarten i herrane sin 2. divisjon at Florø Fotball fekk stabla på beina sitt eige nett-TV. Klubben har investert tungt i kamerautstyr og er godt i gang med TV-sendingar frå 2. divisjonskampane der laget for tida kjempar i toppen bak Nest-Sotra.
Bengt Solheim-Olsen, prosjektleiar Harald Gjervik og Kurt Midtbø vekslar på å vere programleiarar i studio som er rigga opp i fjerde høgda på Sparebanken Sogn og Fjordane sitt bygg i Florø sentrum. Før kvar kamp sender dei programmet «Nærmaste Stolpe» der kanalvertane fortel og summerer opp med gjester og reportasjar.
Programma og enkeltreportasjar blir lagt ut på klubben si Facebook-side og nettside, via både Vimeo og Youtube.
- Her kan du sjå nokre av reportasjane Bengt Solheim-Olsen har laga
- Her finn du fleire av programma til Kanal 6900
Gjervik og Florø-trenar Terje Rognsø byrja saman med resten av Florø Fotball litt i det små i å legge ut småsnuttar alt i fjor.
– I år blei det investert i profesjonelt utstyr, ein har mellom anna fått støtte frå Sparebankstiftinga. Målet er skaffe blest. Nå ut til folk med fotballreportasjar med litt artig skråblikk, forklarer Solheim-Olsen.
... og litt om Førde
Det meste handlar sjølvsagt om Florø, men Kanal 6900 har også som mål å gi publikum info om det andre 2. divisjonslaget i fylket, erkerivalen Førde. Skjønt, då kan det truleg kom eitt og anna vennskapeleg sleivspark.
– Vi begynner litt i det små for å skape blest og publisitet om det enorme arbeidet som blir lagt ned både rundt Florø Fotball, men også i resten av Sunnfjord-regionen. Ein kan seie mykje om forholdet mellom Florø og Førde, men at det er eit visst engasjement rundt korleis det går med kvarandre, er heilt tydleg.
– Harald-en, Kurt-en og eg har det veldig kjekt. Det tek jo litt tid, men det ein gjer jo dette fordi ein synest det er interessant. Så får vi sjå kor langt vi tek dette prosjektet, seier Solheim-Olsen.
Programma varer i om lag 22 minutt. Slik ser den niande og førebels siste utgåva av «Nærmaste stolpe ut»: